Hopp til innhold

Overfallen og rispa med kniv i ansiktet

Mannen i 20-åra skulle berre handle på butikken. På vegen vart han brutalt overfallen av fire ungdomar. – Valden var rasistisk, seier politiet.

Vald mot kinesar

Det var i denne undergangen på Flaktveit i Åsane at ein asiatisk mann i 20-åra vart brutalt overfallen av fire ungdomar. Politiet er interessert i tips frå folk som har vore i området ved Ulvedalen torg måndag kveld.

Foto: Åsane Tidende

Det var måndag kveld den 30. desember at mannen i 20-åra gjekk frå heimen sin på Flaktveit i Åsane i Bergen for å gå på butikken. På veg ned til Ulvedalen torg går han gjennom ein undergang og møter fire ungdommar.

Der vert den asiatiske mannen utsett for ukvemsord og lagt i bakken av dei fire ungdommane. I tillegg vert han rispa med kniv i ansiktet.

– Det er ein av dei styggaste og mest alvorlege episodane eg har vore ute for på lenge. Dette er klart rasistisk motivert vald, seier politioverbetjent Stig Slaatten til Åsane Tidende.

– Uprovosert

Mannen har budd i Noreg dei siste tre åra. Politiet fekk melding om hendinga på nyttårsaftan.

– Førebels ser vi på valden som uprovosert, vi har ingen grunn til å tru at fornærma og dei fire ungdomane kjende kvarandre, seier etterforskingsleiar Nils Inge Romslo til NRK.

Politiet ser alvorleg på saka og omtalar den som stygg.

– Fornærma har forklart at dei ropte ukvemsord, sperra vegen for han og pressa han opp mot ein murvegg. Det oppstod eit basketak og han blir lagt i bakken. Han blir så rispa på begge sider av ansiktet med ein kniv, fortel Romslo.

Ifølgje Åsane Tidende har mannen også blitt slått og sparka fleire gonger i ansiktet.

Mannen i 20-åra fekk legebehandling etter hendinga. Ungdommane skal også ha tatt bankkortet til mannen.

Interesserte i tips

Politiet veit ikkje kvifor mannen venta ein dag med å melde frå til politiet.

– Vi skal avhøyre han på nytt i ettermiddag. Årsaka til det er at vi hadde problem med å få tak ein tolk som kunne hjelpe oss på nyttårsaftan. Det har vi løyst no, seier Romslo.

Førebels har dei lite spor å gå etter og dei veit lite om dei fire ungdommane. Politiet ynskjer å koma i kontakt med personar som kan ha sett noko.

– Viss nokon har vore i området eller har sett fire personar i denne undergangen i nærleiken av Ulvedalen Torg, må dei ta kontakt med oss. Vi er spesielt interesserte i tips frå tidsrommet mellom klokka 22.00 og 23.00 den 30. desember.

Politiet kan kontaktast på telefonnummer 02800 eller 55 25 55 00.