Hopp til innhold

Fire menn arrestert for grov vald i natt

Ein mann i 30-åra blei i går kveld angripen og mishandla i leilegheita si i Bergen. Politiet har pågripe fire menn.

Klokka 23.40 i går kveld fekk politiet melding om at ein polsk mann i 30-åra var blitt mishandla av fire menn.

– Han skal ha blitt utsett for kraftige slag mot hovudet, og blei også angripen med kniv eller ein anna skarp gjenstand, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen til NTB.

Mannen blei oppsøkt i si eiga leilegheit på Mine i Bergen.

Har pågripe fire menn

Den polske mannen i 30-åra blei sendt til Haukeland sjukehus. Mannen skal ha mista bevisstheiten fleire gonger på veg til sjukehuset, men blei skriven ut etter behandling og gav forklaring til politiet.

Dei fire mennene, som også er frå Polen, blei pågripne klokka 01.50 i natt. Mennene blir avhøyrt i løpet av søndag.

Det er førebels ikkje klart kva som har vore motivet bak overfallet.

Laster Twitter-innhold