Hopp til innhold

Utlandet blir løysinga for storfamiliar i jula

Stadig fleire nordmenn tar julefeiringa i utlandet. «Nye» familiar ønskjer gjerne å reisa vekk frå gamle juletradisjonar.

Stadig fleire reiser vekk i jula

REISER I JULA: Mange er innom reisebyråa i jula for å henta billettar eller brosjyrar om reisemålet dei skal til i jula.

Foto: Trude Bakke / NRK

50.000 nordmenn reiser i år ut av landet for å feira jul. Det er fleire enn nokon gong tidlegare, ifølgje hovudorganisasjonen Virke.

Rolf Forsdahl

MANGE REISER: Omtrent 50.000 nordmenn skal feira jul i utlandet i år, ifølgje tal hos direktør Rolf Forsdahl og Virke Reise Utland.

Foto: NRK / Tor Risberg

– Trenden med å reisa utanlands i høve jule- og nyttårsferien har hatt ein jamn auke dei siste ti åra. Det er Kanariøyane som er det store reisemålet på denne tida, seier Rolf Forsdahl, direktør i Virke Reise Utland.

Kalde og mørke desemberdagar i Noreg kan få mange til å lengta etter sol, men det er ikkje det som er den viktigaste årsaka til at fleire reiser utanlands i jula.

– Får vanskelege forhold på avstand

– Grunnane til at folk reiser er nok samansette. Me trur det er ein kombinasjon av at ein er meir reisevande og at ein har eit litt anna familiemønster no, seier Forsdahl.

Tradisjonelle familiesamlingar kan bli ei utfordring for familiar med «mine, dine og våre barn», når tradisjonane gjerne ikkje har vore heilt dei same. Stadig fleire storfamiliar vel difor å ta julefeiringa i utlandet.

– Det er ein del menneske som har problem i høve jul, dette med dine barn og mine barn. Då er det å reisa utanlands, ta med seg gåver og fjerna seg frå heimstaden ein måte å slappa av på og få eventuelle frustrasjonar og litt vanskelege forhold på avstand, forklarer Forsdahl.

Virke Reise Utland uttaler seg på bakgrunn av tilbakemeldingar dei jamleg får frå reisande.

– Dette er ein dynamikk me ikkje skal vera veldig forbausa over. Me har fått andre åtferdsmønstre, andre familiekonstellasjonar og andre tradisjonar, seier Forsdahl.

Bestiller i god tid på førehand

Line Johnsen Rolfsnes

STOR PÅGANG: Mange bestiller seg tur hos Line Johnsen Rolfsnes i Ticket.

Foto: Trude Bakke / NRK

Leiaren ved reisebyrået Ticket Vestkanten i Bergen kan stadfesta trenden.

– Pågangen er stor. Veldig mange har allereie bestilt, og det kjem alltid nokre etternølarar som ønskjer å bestilla. Storfamiliane som ønskjer å reisa vekk i jula bestilte gjerne for eit halvt eller eit år sidan, seier Line Johnsen Rolfsnes.

– Korleis er pågangen samanlikna med tidlegare år?

– Eg vil seia at den er større, spesielt i år sidan det er veldig få feriedagar som skal til før ein gjerne kan ha seg ein to vekers ferie i utlandet.

Skal feira jul i Australia

Anita Kristiansen er ein av dei som i går var innom Line Johnsen Rolfsnes, for å henta brosjyrar om reisemålet ho har bestilt tur til. Kristiansen har ei dotter som bur i Australia og reiser dit for å feira jul i år.

Anita Kristiansen

AUSTRALIA: Anita Kristiansen skal for første gong feira jul i utlandet. Årets julefeiring blir i Sydney i Australia.

Foto: Trude Bakke / NRK

– Det er første gongen, så det blir veldig spennande. Det blir annleis å sitta i parken om dagen, kontra kulde her heime, seier Kristiansen.

Ho har fått alt på plass til Australia-avreise til helga. Sjølv om det vil vera bikinivêr på julaftan blir det likevel litt som heime.

– Pinnekjøtt har me fått ordna, og risgraut skal me også ha, fortel Anita Kristiansen.

Vêret betyr meir i januar

Av dei rundt 50.000 som feirar jul i utlandet vel cirka 30.000 å reisa på charterferie. Kanariøyane er det mest populære reisemålet, men det er også mange som reiser til Egypt og Thailand. 20.000 reiser på individuelle reiser der dei bestiller fly og hotell kvar for seg.

Sjølv om det ikkje er den viktigaste grunnen til utanlandsreiser i jula så spelar også vintervêr og klima ei rolle, men det har større betyding på nyåret.

– Faktisk så trur me at akkurat jula er den ferien der vêrelementet har minst betyding. Når ein kjem ut i januar så betyr det noko, men når det gjeld jula så er det nok andre drivarar, seier Rolf Forsdahl.