Hopp til innhold

Utfordringane står i kø - eitt år etter flaumen

Eitt år etter at Opo-elva gjorde som ho ville i Odda, jobbar kommunen framleis med å sikra innbyggjarane mot ein ny farleg flaum.

Opoelva i Odda

STOR: Opo-elva vart enorm under oktoberflaumen i 2014. Også i 2015, som biletet syner, har den vore skummelt stor for innbyggjarane i Odda på grunn av snømengdene i fjellet.

Foto: 03030-tipsar

Roald Aga Haug (Ap) er nyvalt ordførar i Odda, og har fått ei stor oppgåve i hendene: Å sikra industribyen mot nye storflaumar som den som råka hardt i fjor haust.

Det er i dag eitt år sidan den store oktoberflaumen råka Vestlandet. Odda var den kommunen som vart hardast råka 29. oktober i fjor.

– Det blir jobba jamt og trutt både frå NVE og kommunen si side. I første omgang er det krisetiltak og mellombelse tiltak som gjeld. Ut året og framover i 2016 gjeld det å få sikra elva for dei vassmengdene som ein fryktar vil kome i framtida, seier Aga Haug til NRK, eitt år etter oktoberflaumen.

Ordførar Roald Aga Haug i Odda kommune (Ap)

Utfordringane står i kø for nyvalt ordførar i Odda, Roald Aga Haug (Ap).

Foto: Arbeiderpartiet / Pressebilde

Omfattande sikringsarbeid

Fem familiar fekk heimen sin skylt på fjorden og staten har i ettertid betalt ut fleire titals millionar kroner i erstatning til kommunen.

– Oddingane er vande med store og sterke naturkrefter. Men dette var ei kraftig påminning om at elva kan vera farleg. Me er veldig glade for at liv ikkje gjekk tapt, seier den ferske ordføraren.

Utfordringa for kommunen no er å sikra at det ikkje skjer igjen. I framtida er det venta enno større flaumar enn den som kom i oktober i fjor.

– Vi er nøydde til å dimensjonera stort nok. Vi har utfordringar både nord og sør for Sandvinvatnet og NVE jobbar med å sikre elva både her og der, seier Haug om det omfattande arbeidet ved Opo-elva.

Opoelva
Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

Vurderer flaumtunnel

Eitt av sikringstiltaka som er under vurdering er ein ny flaumtunnel. Det vil bli dyrt og her må også staten på bana. Men ein flaumtunnel kan bli heilt naudsynt for å halda kontroll på vassdraga i framtida.

– Vi ser på om det er naudsyntfor å leia vatnet utanom vassdraga når vasstanden blir så stor som det er sagt den kan bli i framtida.

Seinast i vår og i sommar var frykta stor for ein ny flaum, då dei veldige snømengdene i fjellet låg an til å smelta på same tid.

– Det er difor vanskeleg å tenka seg å få sikra Opo-elva, utan å laga denne flaumtunnelen.

Ordføraren vedgår at det har vore utfordringar knytt til busituasjonen for dei familiane som mista heimane sine.

– Vi har regulert bustadfelt på Freimslia og på Ragde men her trengst det rassikring. Det er mange mektige naturelement hjå oss her inne, så det blir ein viktig jobb framover å sikre tomter for dei som treng plass å bu i Odda, seier ordføraren.

sørsida av sandvinvatnet

Sandvinvatnet ligg sør for Odda sentrum. Opo-elva renn vidare nordover frå vatnet, gjennom sentrum og ned i Sørfjorden. Nokre gonger er vasstanden høg i vatnet, slik som her.

Foto: NRK