– Vi er veldig glad for å få ho tilbake, og gler oss veldig til ho er på plass igjen.
Det seier dagleg leiar Gøril Nordtvedt i Fortidsminneforeningen, avdeling Bergen og Hordaland, til NRK.no.
Det er Fortidsminneforeningen som eig Holdhus kyrkje i Fusa, der madonnaen høyrer heime.
– Vi er veldig glad i madonnaen. Ho er verkeleg nydeleg, seier Nordtvedt begeistra.
Unik i Noreg
– Madonnaen er den einaste i sitt slag i Noreg, og er eineståande i norsk kyrkjekunst, opplyser Riksantikvaren i ei pressemelding.
Skulpturen er av sandstein, og er ifølgje Riksantikvaren uvanleg godt bevart samanlikna med skulpturar på kontinentet.
Ekspertane meiner madonnaen er frå 1400-talet, og trur ikkje skulpturen kan ha vore laga her i landet.
Sjå video frå restaureringa:
Vanskeleg restaurering
Riksantikvaren har brukt 1,8 millionar kroner på arbeidet med å restaurera skulpturen.
– Konserveringsarbeidet har vore særleg utfordrande fordi vi har veldig lite erfaring med malte steinskulpturar i Noreg, seier Riksantikvaren i pressemeldinga.
- Les meir og sjå bilete av korleis restaureringa gjekk føre seg
I morgon ettermiddag er alle interesserte velkomne til å bli med når ein skal markera at madonnaen er tilbake.
- Meir om madonnaen på nettsidene til Fortidsminneforeningen
HOLDHUS KYRKJE: Her høyrer den unike madonna-skulpturen heime.
Foto: Erik Vangsnes