Hopp til innhold

Uvanleg samarbeid til støtte for Taiman

Tvangsutsendinga av Taiman (27) har skapt sterke reaksjonar landet over. Unge Høgre og AUF i Hordaland legg politisk usemje til sides og vil samarbeide for ein meir human asylpolitikk.

Atic og Hassel

GÅR SAMAN: Hannah Atic (Unge Høgre) og Øystein Hassel (AUF) samarbeidar for ein meir human asylpolitikk.

Foto: Petter Nilsen

Taiman Fatah

SKAL UT: Taiman Agid Fatah (27).

Foto: Privat

Dei to ungdomspartia har i helga hatt sine årsmøte. Der vedtok dei å gå saman og be styresmaktene om å involvera seg i saka til Taiman Agid Fatah.

– Avgjerda i saka er urimeleg. Det meiner vi fordi Taiman har vore i Noreg i mange år og familien har fått opphald. Det vi vil no er at den politiske leiinga skal gå inn i saka hans og sjå nærare på regelverket, seier leiar i Unge Høgre Hordaland, Hannah Atic.

No skal dei skrive brev til justisminister Anders Anundsen (Frp).

Sendast ut etter 13 år

Det var onsdag ettermiddag førre veke at politiet arresterte 27-år gamle Taiman Agid Fatah. Han fekk beskjed om at han ville bli sendt ut av Noreg og torsdag vart han frakta til transittmottaket Trandum.

Taiman kom til Noreg frå Irak saman med familien i 2001. Dei fleste i familien fekk opphaldsløyve i 2005, men Taiman fekk det ikkje fordi han fylte 18 år like før vedtaket. Difor vart han vurdert individuelt.

Saka har vekkja sterke reaksjonar. Laurdag samla støttespelarar og vener seg i Bergen for å protestera mot tvangsutsendinga. Også i Oslo vart det halde demonstrasjon. Utlendingsnemnda vil no behandla saka som ei hastesak.

Artikkelen held fram under biletet

Demonstrasjon for Taiman i Oslo

STØTTA SIN ONKEL: Ni år gamle Bawer er nevøen til Taiman. Han gjekk i tog i Oslo sundag, for å støtte onkelen sin.

Foto: Nicolas Jara Marthinsen

Sjeldan samarbeid

Dei to ungdomspartia vil no jobba for ein meir human asylpolitikk. Det har aldri skjedd før at Unge Høgre og AUF lokalt i Hordaland går saman i ei slik sak.

– Det seier litt om kor viktig denne saka er for oss. Saka syner nok ein gang kor urimeleg regelverket er og korleis systemet ikkje toler møte med enkeltskjebnar. Vi krev endring, seier Atic fram.

Leiar Øystein Hassel i AUF Hordaland er langt på veg samd.

– Dette er noko som rokkar ved vår oppfatning om rettferd. Då ser eg ingen problem med at Unge Høgre og AUF står saman om breven til justisministeren.

– Eit system som ikkje toler møtet med enkeltskjebnar er heller ikkje eit system det er verd å forsvare, slår Hassel fast.