Hopp til innhold

Opplevde 22. juli som trugande mot eige liv

Tusenvis av ungdommar i Hordaland kjende seg personleg truga like etter 22. juli-tragedien. Det syner ei ny, stor undersøking blant skuleelevar.

Ungdommar i Hordaland opplevde 22. juli som personleg livstruande. 10 000 ungdommar vart spurde i ei omfattande spørjeundersøking, og seier dei føler seg meir utrygge etter terroråtaket.

SJÅ VIDEO: Terrorhendingane 22. juli sette djupare spor i ungdom enn ein var klar over, både positivt og negativt. Reporter: Mette Anthun|Foto/redigering: Jørgen Eide

Undersøkinga blant dei 10.000 skuleelevane i Hordaland syner at halvparten av desse kjende på terroren som eit personleg trugsmål mot sitt eige eller mot sine næraste liv.

– Vi blei slått av kor skremmande denne opplevinga har vore for ungdom flest. Faktisk opplevde over halvparten dette som meir eller mindre trugande mot sitt eige eller mot sine næraste sine liv, seier forskar Dag Ø. Nordanger ved Uni Research i Bergen, som er mannen bak undersøkinga.

Kjende seg utrygg

Fire av fem blant skuleelevane i undersøkinga hadde fått endra sitt syn på verda grunna hendingane 22. juli, og for dei fleste var dette ei endring til eit meir negativt verdsbilete. Likevel var det berre eit mindretal som hadde store psykiske plagar grunna terroren.

22. juli undersøking

UTRYGG: Maria Håland Warncke (18) frykta at noko av det same kunne skje i Bergen.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Ein av dei som kjende ekstra på det var Maria Håland Warncke (18).

– Månadane etterpå følte eg meg veldig utrygg på å gå i byen, og kjende på at, tenk dersom det skjer igjen, tenk om det skjer i Bergen.

Og sjølv om ikkje alle kjende på det i like sterk grad, var ho ikkje åleine om å ha mange tankar kring hendingane.

– Du kjenner deg eigentleg trygg med å bu her i høve til mange andre land, men du tenker meir på at det faktisk kan skje i Norge også, seier Benedicte Mørner (18).

Verst for innvandrarungdom

Dei sterkaste reaksjonane i etterkant av terroren i Oslo hadde ungdom av innvandrarbakgrunn. Verdsbiletet deira var i endå større grad endra til det negative, og mange hadde omfattande psykiske etterreaksjonar, som uro og ubehagelege minne.

–Rett etter 22. juli var det mistanke om at det var muslimske terrorceller som stod bak, og vi trur nok at innvandrarungdom av den grunn kan ha opplevd dette som meir skremmande, seier forskaren.

For Shakib Mohammed (22) starta reaksjonane allereie då.

– Eg ønskte at han ikkje var utanlandsk, for då måtte eg kanskje pakke tinga mine og reise frå Norge.

(Artikkelen held fram under biletet)

22. juli undersøking

OVERRASKA: Forskar ved Uni Research, Dag Ø. Nordanger, var sjølv overraska over resultatet av undersøkinga.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Styrka samhald

Ifølgje forskinga kan årsaka til at innvandrarungdom kjenner sterkare på det, vere fleire. Mange kjem frå område prega av krig og terroren kan ha framkalla vonde minner. Når ein har flytta til Norge for å komme seg vekk frå vald og terror kan det også vere sjokkerande når noko slikt også kan skje her.

Men undersøkinga syner ikkje berre negative ting. Lyspunktet er at samhaldet etter 22. juli har betydd mykje meir enn ein hadde tenkt.

– Måten det vart møtt på i Norge som eit fellesskap med rosetog, måten vi kom saman på i sorga og markerte sympati for dei som var ramma, trur vi absolutt kan ha hatt noko å seie, både i forhold til psykiske helseplager i den generelle befolkninga, men også på oppfatninga av det samfunnet vi lever i, seier Nordanger.