Hopp til innhold

– Bergen kommune har hatt for dårleg kontroll

Ein mann i 50-åra underslo millionar av kroner frå Bergen kommune i ein periode på fleire år. I ein ny rapport får kommunen refs for at arbeid i for stor grad har bygd på tillit utan formell kontroll.

Bergen rådhus

UNDERSLAG: Ein ny rapport etter det økonomiske underslaget konkluderer mellom anna med at arbeid i for stor grad har bygd på tillit utan kontroll.

Foto: Runa Victoria Engen

For eit år sidan avdekka Bergen kommune at ein tilsett har stått bak omfattande økonomisk underslag. Mannen som jobba ved avdelinga for idrettsservice har innrømt alt og har fått sparken.

BAKGRUNN: Fekk sparken etter underslagssaka

I dag kom rapporten frå PWC som mellom anna konkluderer med at kulturen har vore prega av at ein i for stor grad har bygd på tillit utan formell kontroll.

– Me har spurt oss om korleis dette kunne skje. Difor har me no gått gjennom måten me jobbar på, og ser at me manglar ein del kontrollrutinar. Me har framleis ein jobb å gjere, men er i full gang med å betre dette, seier informasjonssjef Eva Hille i Bergen kommune.

Ny rapport: Bygd på tillit utan formelle kontroll

Det skal vere snakk om underslag for fleire millionar kroner, og det heile skal ha gått føre seg over ein periode på ti år. Personen skal ha hatt ei mellomleiarstilling på administrativt nivå i avdelinga for idrettsservice.

Etter det NRK kjenner til, skal mannen ha forklart at han gjorde underslaga for å finansiere spelavhengigheit.

– Inntekter som skulle ha komme til Bergen kommune har blitt ført over til den underslagssikta sin private konto. Me ser me har hatt for lite kontroll med inntektene, vegdgår Hille.

LES OGSÅ: – Alvorlig systemsvikt i Bergen kommune

I dag kom rapporten som konkluderer med mellom anna:

  • «Det har vore manglande system på inntektssida i avdelinga.»
  • «Kulturen har vore prega av at leiing og etterlevelse av rutinar i for stor grad har bygd på tillit utan formelle kontrollsystem.»

Rapporten kjem med fleire forslag til konkrete forbetringstiltak.