Hopp til innhold

Køyrde i tunnelveggen – sjåføren i sjokk

Fleire ruter vart smadra då ein svensk turistbuss trefte fjellveggen i Måbøtunnellen på riksveg 7. Bussjåføren er i sjokk medan ein passasjer er sendt til Haukeland sjukehus med augeskadar.

Bussylykke Måbødalen

KNUSTE RUTER: Bussen har hatt eit ublidt møte med tunnelveggen i Måbøtunnelen på riksveg 7.

Foto: Braata, Espen / 03030-tipser

Måbødalen buss

ÅRSAKA UKJENT: Politiet etterforskar ulukka, det er førebels ikkje kjent kvifor bussen kolliderte med tunnelveggen.

Foto: Ole Johnny Aadland / 03030-tipser

Det var klokka 11.20 i føremiddag at politiet fekk melding om at ein buss hadde kollidert med fjellveggen inne i Måbøtunnelen på riksveg 7 i Hardanger.

Fleire ruter vart knust i samanstøyten, og også taket og bakdøra på bussen fekk hard medfart.

To personar vart først sendt til legevakta i Eidfjord. Sjåføren var i sjokk, medan ein passasjer hadde fått kuttskadar.

Sendt til Haukeland

– Vi er no ferdige på staden, og vi har snakka med dei involverte. Vi prøvde å gjennomføra eit avhøyr av sjåføren på staden, men han var sterkt prega og er framleis i sjokk. Han har ikkje klart å forklara kva som skjedde, fortel operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

Han legg til at det ikkje er mistanke om ruskøyring.

– Passasjeren som hadde kuttskadar er sendt vidare til augeavdelinga ved Haukeland universitetssjukehus i Bergen. Vedkommande har fått glasskår på auget.

Bussen var på veg oppover Måbødalen då ulukka skjedde. Tunnelen er 1 893 meter lang, og er smal og svingete. Den er den lengste av dei fire tunnelane i Måbødalen. Bussen skal ikkje ha skapt problem for den andre trafikken på riksveg 7.

Saka held fram under biletet

KNUSTE RUTER

TIL HAUKELAND: Ein av passasjerane er sendt til Haukeland universitetssjukehus med augeskader.

Foto: Braata, Espen / 03030-tipsar

Alvorlege ulukker med buss

I 1988 mista 16 menneske livet då ein svensk buss med skulebarn og foreldre kolliderte med fjellveggen inne i den same tunnelen. 12 av dei omkomne var barn.

– Eg har jo snakka med politibetjentane som var inne i Måbødalen no, og dei har ikkje gløymt den ulukka i 1988. Akkurat no er vi letta over at dette gjekk så bra som det gjorde.

I går mista tre personar livet då ein utanlandsk turistbuss køyrde av vegen og trefte ein fjellvegg på E6 i Nord-Trøndelag. Onsdag opplyser St.Olavs hospital i Trondheim at ein mann som var kritisk skadd etter ulukka på E6, er død.