Hopp til innhold

Berre småpengar til E16: – Må bety at vi får ny veg

Berre 23,7 millionar kroner er sett av til rassikring langs E16 mellom Bergen og Voss. Det gjer at Voss-ordføraren trur regjeringa snart kjem med ei kjempenyheit.

Ras ved Stanghelle E16

DØDSVEGEN: E16, hovudvegen mellom Oslo og Bergen, er kjend både for sine mange ulukker og ras.

Foto: Karl Martin Valestrand

Det kom berre småpengar til E16 i forslaget til statsbudsjett for neste år.

– Eg er ganske sikker på at det kjem ei avgjerd om trasévalet innan kort tid, seier Hans Erik Ringkjøb, etter å ha sett kor lite:

  • 23,7 millionar kroner er foreslått i statlege midlar til rassikring mellom Voss og Arna. Det tyder at arbeidet som allereie er starta langs vegen blir vidareført.
  • Det er også sett av pengar til ein ny gangtunnel under E 16 ved Dalegården i Vaksdal, og bygging av gang- og sykkelveg langs europavegen i Indre Arna.

Eirik Haga og Hans-Erik Ringkjøb

KLARE FOR NY VEG: Ordførarane i Vaksdal og Voss, Erik Haga og Hans Erik Ringkjøb, ventar i spenning på avgjerda om eventuell ny veg mellom Bergen og Voss.

Foto: Sølve Rydland

Desse to punkta frå regjeringa er så lite imponerande at Voss-ordføraren kjenner seg sikker i si sak

LES OGSÅ: 6 av 10 kroner går til veg

– Avgjerda kjem nok snart

– Når det kjem så lite midlar til eksisterande veg må det vera eit klart teikn på at ein har tenkt å gjera noko seriøst i forhold til å byggje ny veg og bane mellom Voss og Arna, seier Ringkjøb.

Voss-ordføraren tek dermed forslaget til budsjett som eit frampeik på kva som ventar han og innbyggjarane langs europavegen.

LES OGSÅ: Dette betyr budsjettet for Hordaland

LES OGSÅ: Dette betyr statsbudsjettet for deg

– Ein kunne jo tenkt seg at ein hadde brukt mykje pengar på å rassikra veg og jernbane, og brukt mykje pengar på å oppjustera tunnelane våre, men det ser eg ikkje. Så då kjem nok regjeringa snart med ei avgjerd, meiner han.

E16 og Bergensbanen side om side
Foto: Jernbaneverket

Rosar regjeringa

Avgjerda vil vera etterlengta. Ringkjøb meiner regjeringa gjer det einaste rette. Han er klar på at ein ikkje kan rassikre og vedlikehalde seg ut av situasjonen som er rundt dagens E16 og Vossebana.

– Dei klarer å ha to tankar i hovudet samstundes, vi må halda dagens veg oppe og gå, og brukar noko pengar på det, og så byggjer ein ny veg og bane. Budsjettet legg til rette for at avgjerda no kan komme, meiner han.