Hopp til innhold

– Vegen opnar tidlegast torsdag

Det gedigne treet som brasa ned på vegen på Osterøy før helga krev omfattande arbeid før vegen kan opnast.

Ras stenger veg på Osterøy

– TRENG MUR: For å sikre området der dette treet veltet fredag, vurderer geolog det til at ein sikringsmur må på plass i ura over vegen.

Foto: Nils Lygre

Fredag ettermiddag kom treet kvelvande nedover og trefte Fylkesveg 360 mellom Haus og Osterøybrua. Ein bil med ei mor og dotter hennar fekk treet over seg, men kom frå hendinga utan skader.

Geolog frå Statens vegvesen kom til rasstaden fredag for å vurdera fjellsida ovanfor vegen. Geologen har også vore tilbake over helga, og konklusjonen blei at her var det naudsynt med mykje arbeid.

Bilen er fjerna

Ras på Osterøy

FEKK VEKK BILEN: Måndag kveld kunne den knuste bilen trekkast ut av rasområdet på Fylkesveg 360.

Foto: Oddbjørn Rosnes / NRK

– I tillegg til arbeidet vi hadde planlagt med reinsking- og sikringsarbeid, må det byggjast ein sikringsmur av ei ur som ligg over der treet stod. Det fører til at vegen nok ikkje kan opne før torsdag, seier byggjeleiar Håkon Toverud til NRK.

Måndag ettermiddag kom Mesta fjellsikring i gang med sikringsarbeidet. Sjølve treet måtte også spennast fast, slik at greinene som øydela bilen kunne fjernast. Måndagskvelden kom bilbergar fram og fekk med seg den øydelagde personbilen.

– Men førebels er det ikkje tilkomst for tungt nok utstyr til at vi får fjerna treet, seier byggjeleiaren.

– For å sikre vegen framover

Muren som må byggjast oppe i fjellsida skal sikre vegen mot framtidige ras.

– Geologen vurderer det slik at her trengst det ein mur. Det er for at vi skal vere sikre på at området ikkje rasar til hausten, fortel Toverud.

Vikne