Hopp til innhold

NAV-tilsette truga på livet 1261 gongar

Truslar, vald og sjikane mot NAV-tilsette har hatt ei dramatisk auke. I Hordaland har det vore ei femdobling på to år. – Vi får fysiske trugslar dagleg, seier Øyvind Urdal i NAV.

Navtrussel

AUKA PROBLEM: I novmeber vart ein mann pågripen etter å ha truga NAV-tilsette i Horten. No vil NAV-tilsette ha meir informasjon om kven dei skal hjelpe.

Foto: Fredrik Hansen / NRK

Vi har politibesøk kvar veke på grunn av utagerande brukarar.

Øyvind Urdal, NAV

Når ein NAV-tilsett opplev trugslar, sjikane eller direkte fysiske angrep frå ein brukar skal det skrivast skademelding. Så langt i år er det skrive fleire skademeldingar enn i heile 2012.

Dramatisk auke

Urdal

ØYVIND URDAL: Avdelingsdirektør i NAV Hordaland fortel om daglege trugslar på NAV-kontor.

Foto: Privat

NAV-kontoret på Årstad i Bergen toppar fylkesstatistikken i Hordaland over trugslar og vald mot tilsette.

Urdal fortel at kontoret har tilsett vakter for å ha god nok tryggleik for dei tilsette.

– Vi er eitt av dei få kontora som har fast vekter tilsett, det seier noko om det daglege fysiske trugselbilete. Vi har kvar veke politibesøk på grunn av utagerande brukarar, fortel avdelingsdirektøren.

I 2012 vart det skrive 29 skademeldingar på trugslar og vald i Hordaland. I 2012 vart det skrive 146. Ei femdobling på to år. Samanlagt i Noreg har det vore ei tredobling dei siste to åra. I Noreg blei det skrive 1261 skademeldingar i fjor.

No etterlyser tilsette på NAV meir informasjon om kven brukarane er, før dei treffast.

Vil ha informasjon om brukaren

Veronika Myking sit i skranken på eit NAV-kontor, og er den fyrste som møter brukarane når dei kjem inn døra. Ho har tilkalla hjelp fleire gonger.

– Eg har ofte brukt alarmknappen for å tilkalla vektar. Som regel kjem dei raskt og ordnar opp, fortel ho.

Verneombod i NAV Hordaland, Leni Huus Hovden må forholde seg til at stadig fleire medarbeidarar opplev trugande situasjonar på jobb.

– Eg er veldig uroa for utviklinga. Slik eg ser det heng det tydeleg saman med ei aukande vald i samfunnet. Vi har blitt ein temperaturmålar på nettopp dette, seier Hovden.

Ho seier at hovudproblemet er at dei veit for lite om menneska dei set seg ned saman med for å hjelpa.

– Det er absolutt problematisk at ein ikkje veit på førehand om personen har ei valdeleg historie bak seg. Det tek for lang tid å finna ut om personen er farleg eller ikkje.

Veronika Myking i Nav er einig i at det trengs meir informasjon om brukaren.

– Vi treng heilt klart å få meir informasjon om dei menneska vi skal hjelpe. Sånn det er no, anar vi ikkje om vi sit rett framfor ein valdsmann, seier Myking oppgitt.

– Kan redda liv

I august vart ein NAV-tilsett på Grorud i Oslo knivstukket og drepen på jobb av ein NAV-brukar. Bjarne Kvam, forskar ved juridisk fakultet på Universitetet i Bergen, seier at liv kan bli spart dersom NAV-tilsette får tilgang på avgjerande personopplysningar.

– Dessutan er det enklare å bevise at folk blir drepen av mangel på bevis, enn å påvise at problem oppstår av at folk har tilgang på informasjon, seier Kvam.

Strenge personvernreglar

På grunn av strenge reglar for personvern er det mykje dei tilsette på NAV ikkje kan få vita om menneska dei treff.

Kvam er blant dei som har forska mest på behandling av personopplysning i Noreg.

– Den enorme auka i trugslar og fysiske angrep på NAV-tilsette gjer det heilt klart at dei tilsette burde ha klare krav på meir informasjon enn det brukarane har i dag, seie Kvam.

– Praktiserer vi personvern for strengt i Noreg?

– For å sei det sånn; Er det menneska som skal bli beskytta, eller er det personopplysningane som skal bli verna? Vi må ikkje gløyma at det er menneska som treng vernet, så må bruken av personvern tilpassa nettopp dette.

Hovden er einig.

– Personvern er jo sjølvsagt kjempeviktig, men eg tenkjer at det å hjelpa andre handlar jo om å dela informasjon. Mange er mentalt sjuke og kan rett og slett ikkje ta vare på seg sjølv, då må taushetsbarriera brytast ned, seier Hovden.