Hopp til innhold

Trugar med å ta barnehageplassen frå ni barn

Byrådet vil førebels ikkje endra reglane for foreldre som ikkje betalar for seg. – Løftebrot, meiner Høgre si barnehagetalskvinne.

Barnehage

KAN MISTA PLASSEN: I januar avdekka NRK at mange barn i Bergen måtte slutte i barnehage og SFO fordi dei foresatte ikkje kunne gjere opp for seg. Totalt 44 barn mista plassen. No kan fleire verte ramma, sjølv om Bergen har fått nytt byråd.

Foto: Peter Strøm / NRK

I oktober fekk sju familiar i Bergen beskjed om at ni barn kan bli kasta ut av barnehagen før jul, om foreldra ikkje betalar for seg.

Det skjer trass i at det nye byrådet i byrådsplattforma har lova at ingen barnehagebarn skal verta kasta ut grunna betalingsproblem.

I januar avdekka NRK at mange barn i Bergen måtte slutte i barnehage og SFO fordi dei foresatte ikkje kunne gjere opp for seg. Totalt 44 barn mista plassen.

Frå og med 1. juli vart det innførte det førre byråde nye regler etter massivt press, og sidan ingen har mista plassen. Men framleis brukar kommunen trugsmålet om oppseiing som pressmiddel for å få inn pengane foreldra skuldar.

LES OGSÅ: Slutt på at born blir kasta ut av barnehagen

Ingen skal miste plassen

Barnehagebyråd Pål Hafstad Thorsen frå Arbeidarpartiet seier byrådet ikkje har planar om å endra dagens reglar, fordi ingen har mista plassen etter at reglane vart innført 1. juli.

– Per i dag er det ikkje aktuelt for oss å endre regelverket. Vi ser at systemet må gå seg litt til. Men mitt utgangspunkt er at ingen barn skal miste plassen, seier han til NRK.

Pål Hafstad Thorsen

BYRÅD: Pål Hafstad Thorsen (Ap).

Foto: Sølve Rydland / NRK

No vert det opp til betalingsevna til foreldra om byrådet skal halda løftet sitt.

– På ein eller annan måte er man nøydd til å kommunisere til foreldra at man må gjere opp for seg slik at borna får behalda plassen sin. Barnhagestyrarane må vere tett på forelda, og har ein dialog.

34 barn har fått oppseiingsbrev dei siste tre månadane, men foreldra har greidd å ordna opp før utkastinga vart eit faktum.

Byråden garanterer at ingen av barna som no har fått oppseiingsbrev må slutta før jul.

Mikkel Grüner fra SV

LØFTEBROT: Mikkel Grüner frå SV er skuffa over Ap-byråden.

Foto: Sølve Rydland / NRK

LES OGSÅ: – Barna kan ikkje bli kasteballar i systemet

– Løftebrot

Hilde Onarheim frå Høgre meiner byrådet har gjort sitt første store løftebrot.

– Dei har vore veldig tydelege på at det vi i det førre byrådet gjorde, var feil. Dei skulle reversere det vi gjorde. Om dei ikkje gjer noko, har dei brote løftet sitt.

Mikkel Grüner i SV er skuffa over at Ap har skifta meining etter at dei kom i byråd:

– Vi lever i ein by der nokon har det vanskeleg og kan ikkje gjere opp for seg. Eg gruer meg til den første saka som fører til oppseiing. Det vil få store konsekvensar for barna det gjelder.

Byråden seier han no vil følgja nøye med på om barn faktisk må slutta i barnehagen.

– Dersom me på eit tidspunkt ser at ordninga ikkje samsvarar med intensjonen i byrådsplattforma, må me gå inn i saka på nytt.