Hopp til innhold

Trudde ho kjøpte draumebilen - enda i gjeldsklemme

Monika Bodi vann fram i retten etter å ha kjøpt ein kollisjonsskada bil. Men erstatninga får ho ikkje, og no sit ho fast med stor gjeld og ein bil ho ikkje kan selja.

Monika Bodi

MINI COOPER S: Det som eigentleg var draumebilen skulle visa seg å bli eit mareritt for Monika Bodi.

Foto: PER CHRISTIAN MAGNUS / NRK

– Eg trudde alt var fint. Dei sa at det ikkje var nokon feil med bilen. Det var jo draumebilen, seier Monika Bodi.

Bodi kjem frå Ungarn. Ho har budd 13 år i Bergen, og jobbar som hushjelp.

Bilen kjøpte ho for halvanna år sidan brukt hjå ein bilforretning i Larvik. Ho lånte 90 prosent av kjøpssummen på 240 000 kroner i banken.

Bilen vart levert til Bergen, og same dag ville Monika skifta til vinterhjul i Arnulf Andersen sin verkstad:

– Bilen ser heilt fin ut i karosseriet når ein går rundt den. Men når ein går under bilen, frå midten av støytfangaren, då kan ein sjå at botnen er krølla. Ein kan sjå at det ikkje er beint, seier mekanikar Arnulf Andersen.

Stor skade

Og skaden var omfattande. Den blei taksert til over 80 000 kroner.

– Seljar burde visst at bilen var kollisjonsskada. Ein ser det jo med ei gong ein jekkar opp bilen. Dette er jo ting som burde vore opplyst om, seier Andersen.

Sidan Monika ikkje er helt stødig i norsk, spurte ho om Andersen kunne ringa bilfirmaet i Larvik.

– Bilfirmaet lova at dei skulle ta kontakt med Monika, noko dei aldri har gjort. Dei sa også at ho skulle få ein kompensasjon for dette, noko som aldri skjedde.

Svarar ikkje

Før jul i fjor fekk Bodi fullt medhald i Forbrukertvisnemda, ein dom som no er rettskraftig. Då måtte ho krevja pengane sine gjennom namsmannen i Larvik.

– Me har sendt ut oppmoding til saksøkte og ikkje høyrd noko ting, seier namsmann Øyvind Hagen.

Det viste seg at bilforretninga ikkje eigde ein einaste bil.

– Dei driv me kommisjon – dei eig ikkje bilane direkte, men er berre eit mellomledd, seier Hagen.

Og saka til Monika Bodi er ikkje er eineståande.

– Eg har fleire saker no kor det ikkje ser ut til å bli noko oppgjer, sjølv om me har gått via retten. Det er ikkje vilje, og kanskje ikkje evne heller til å betala, seier advokat i NAF, Vigdis Svennungsen.

Bilforretninga i Larvik, som ikkje har respondert på dommen i nemnda eller krava frå namsmannen, vil ikkje kommentere saka overfor NRK. Halvanna år er gått, utan at Monika Bodi har fått oppgjeret frå sitt bilmareritt.

Gir ikkje opp

Vigdis Svennungsen i NAF har lite å trøysta med:

– Problemet er at det er forskjell på å ha rett og å få rett. Det kan vera vanskeleg å få eit oppgjer utbetalt.

Men Monika Bodi kjem til å stå på sitt til ho får det ho har krav på.

– Eg avsluttar saka når eg har fått pengane. Eg er veldig sta, spesielt når eg veit at eg har rett. Eg kjem ikkje til å gje meg.