Hopp til innhold

Her trekkjer Thomas tanna si med radiostyrt bil

Sju år gamle Thomas var litt skeptisk til å trekkja tanna, men onkelen visste råd. Ved hjelp av radiostyrt bil fekk dei ho ut på eit blunk.

Sju år gamle Thomas trekk tanna med ein radiosty

SJÅ VIDEO: Thomas (7) trekkje tanna si ved hjelp av ein radiostyrt bil.

Då Thomas (7) frå Rong i Øygarden var på vinterferie hjå besteforeldra i Sør-Trøndelag førre veke, var den eine tanna hans blitt så laus at det var på tide å trekkje ho ut.

– Han er litt skeptisk for å trekkja tenner. Dette var tann nummer tre. Den førre tok vi ut medan han sov, fortel mora Lene Melås Hellesøy.

Radiostyrt bil

Oppe i Åfjord i Sør-Trøndelag blir onkelen og besteforeldra til Thomas samde om at tanna må ut før foreldra kjem frå Vestlandet for å henta han.

– Veslebror min er ganske kreativ, så han foreslo at guten kunne gjera det sjølv, fortel Lene og ler.

Den kreative løysinga til onkel Jens Ivar er å knyte ein hyssing rundt den trykkeklare tanna og i den andre enden feste hyssingen til den radiostyrte bilen til Thomas.

Og Thomas tok utfordringa på strak arm – sjå korleis det gjekk i videoen øvst i saka!

– Køyr fortare!

– Endeleg, jublar Thomas i det han finn at tanna eit stykke borte på stovegolvet, tydeleg letta over at den originale operasjonen har gått bra.

Mora fortel at dei lo godt då dei såg videoen av tanntrekkinga.

– Spesielt når du høyrer bestemor rope at han må køyre fortare, ler Lene.

Fleire påfunn

Ho fortel at då dei var små så var det døra som var den mest effektive måten å trekkja tenner på.

– Vi knytte tanna fast til dørhandtaket. Det er det nok mange som har gjort. Men eg har ikkje høyrt om denne måten å gjera det på før.

Og no er han ikkje skeptisk til trekkja tenner lenger?

– Litt skeptisk er han nok enno. Det er ei tann som snart er klar til å bli tatt ut. Han har bedt oss om å ta ho ut medan han søv, fortel Lene.

– Var veldig skummelt

Då NRK.no snakkar med Thomas etter den originale operasjonen, fortel han at han var veldig skeptisk til onkelen sin idé.

– Eg syntest fyrst at det var veldig skummelt. Onkel knytte fast tråden i tanna mi og då var det berre for meg å køyra bilen i full fart, og plutseleg så var den ute. Det gjorde ikkje vondt i det heila og det gjekk fint, svarer Thomas.

Familien har prøvd ut ulike måtar å trekkja tenner på, men også med dårleg resultat.

– Vi prøvde å få ut ei tann ved å festa ei tråd frå tanna og til pappa sin bil. Men då pappa skulle køyra rauk tråden fordi den var for tynn og tanna hang igjen, svarer Thomas.

Kva er den mest kreative måten du har trekt tenner på? Fortel oss i kommentarfeltet under!