Hopp til innhold

Travel natt for politiet i Bergen

Natt til sundag tok politiet seg av åtte tilfelle av slåsting i Bergen.

Politihuset i Bergen
Foto: Roy Hilmar Svendsen

Det var ei hektisk natt for politiet i Bergen. Natt til sundag registrerte politiet åtte tilfelle av slåsting i Bergen.

– Det var heldigvis ingen som blei alvorleg skadde, men det var ei travel natt for politiet, seier Frode Koltveit i Hordaland politidistrikt.

I tillegg til fleire bråk og slåsting, loggførte politiet heile 31 tilfelle av krenking av ro.

– Det er snakk om høg musikk, knuffing og generelt amper stemning.

I løpet av natta blei det tatt inn fire personar i fyllearresten. Alle fire får bot av politiet, seier Kolltveit.

– Det har vore ein del småhendingar i helga, men det er ofte slik i helga. Mykje handlar om fyll. Men det har ikkje vore dei store alvorlege hendingane denne helga.