Hopp til innhold

Ein person sendt til Haukeland etter kollisjon

Ein trailer og ein personbil har kollidert ved Eikedalen i Samnanger. Ein mann er lettare skadd etter ulukka.

ulukke

EIN PERSON FASTKLEMT: Føraren av personbilen var fastklemt, men bevisst. Vedkommande er no sendt med luftambulanse til Haukeland sjukehus.

Foto: Inge Aasgaard

Ein personbil og ein trailer har kollidert i Eikedalen i Samnanger kommune. Meldinga kom 17.06, og politiet var på staden 17.25.

– Ein person skal sitte fast i personbilen, opplyste då, operasjonsleiar Lars Gitle i Hordaland politidistrikt.

ulukke eikedalen

ALLE NAUDETATAR PÅ STADEN: Ein person er frakta til Haukeland sjukehus. Dei to personane som sat i traileren skal vere uskadde.

Foto: Inge Aasgaard

Onsdagskveld opplyser Haukeland sjukehus om at føraren av personbilen er lettare skadd.

Alle naudetatar rykka ut til ulukka som ifølgje politiet truleg var ein frontkollisjon.

Kollisjonen mellom personbilen og traileren skjedde i Eikedalen i Samnanger kommune, rett før kommunegrensa til Kvam.

Tre personar involvert i ulukka

Politiet meiner føraren av personbilen var åleine i bilen. Han har sete fastklemt, men var bevisst då naudetatane kom til staden.

– Vedkommande blir no frakta med luftambulanse til Haukeland sjukehus, seier operasjonsleiar Lars Gitle i Hordaland politidistrikt.

I traileren sat det to personar, som begge skal vere uskadde.

Laster Twitter-innhold

Fylkesveg 7 over Kvamskogen er opna

Trafikken over Kvamskogen vert dirigert forbi ulukkestaden i eit felt, melder politiet.

Klokka 19.00 melder Vegtrafikksentralen om at Fylkesveg 7 no er opna for trafikk.