Hopp til innhold

Toro-eksplosjonen nesten identisk som sist

Arbeidstilsynet meiner at eksplosjonsulukka på Toro måndag denne veka, nesten er identisk med ulukka for eit og eit halvt år sidan.

Ulykke ved Toro-fabrikk

ALVORLEG: Ein mann blei frakta frå Toro-fabrikken i Arna med luftambulanse måndag. Han fekk alvorlege brannskadar i andletet i eksplosjonen på fabrikken.

Foto: Adalheidur Oldeide / NRK

Tysdag gjennomførte Arbeidstilsynet dei første undersøkingane etter at det eksploderte i ein støvtank måndag denne veka.

Ein person ligg på Haukeland sjukehus med alvorlege brannskadar etter eksplosjonen.

Dei meiner at ulukka nesten er heilt lik ulukka som skjedde hausten 2012.

– Eksplosjonane er like, det skjedde like i nærleiken av den førre eksplosjonen og under den same arbeidsoperasjonen, seier seniorinspektør Bjarte Nes som har undersøkt forholda rundt begge ulukkene.

– Ikkje nødvendigvis tekniske årsaker

Bjarte Nes

HAR UNDERSØKT: Bjarte Nes har i heile dag undersøkt forholda på Toro-fabrikken i Arna.

Foto: NRK

Etter ulukka i 2012 melde Arbeidstilsynet fabrikk-leiinga til politiet fordi dei meinte at leiinga burde forstått at det kunne skje ulukker ved anlegget. Saka er framleis under etterforsking av politiet.

– Me har ikkje bestemt oss for om me skal melde denne gongen. Førebels er det ikkje noko som tilseier at det har skjedd noko straffbart denne gongen, seier Nes.

No jobbar både arbeidstilsynet, politiet, brannvesenet og Orkla si interne granskingsgruppe med å finne årsaka til den siste eksplosjonen.

– Etter ulukka i 2012 gjennomførte leiinga alle tiltak me påla dei. Likevel skjer det ei ny ulukke. Me ser at det ikkje nødvendigvis treng vera tekniske årsaker som har ført til ulukka, seier Nes.

Konklusjonen til Arbeidstilsynet er venta om cirka 14 dagar.

Delar av produksjonen er stengt av

Arbeidstilsynet har pålagt fabrikken å stenge av delar av området der ulukka skjedde fram til konklusjonen er klar og eventuelle pålegg er gjennomførte. Dette skal likevel ikkje gå utover Toro si evne til å levere varene sine.

I går sa Arbeidstilsynet til NRK at dei var overraska over at noko slikt kunne skje igjen.

– Det aller viktigaste er at dei tilsette føler seg trygge på arbeidsplassen sin, og at me klarer å finne ut kva som var årsak til ulukka og korleis me kan forhindre at det skjer igjen, seier Nes.