Tollvesenet på Bergen lufthamn Flesland - Fungerande avdelingssjef Åge Skår er nøgd med tollvesenet sin statistikk på nokre område, men ser at det er andre område dei må forbetra seg på. - Foto: Kjetil Rydland / NRK

Fungerande avdelingssjef Åge Skår er nøgd med tollvesenet sin statistikk på nokre område, men ser at det er andre område dei må forbetra seg på.

Foto: Kjetil Rydland / NRK

Tollvesenet er bekymra over at dei finn mindre heroin

Mindre mengder med tunge narkotiske stoff er blitt avdekka av tollvesenet på Vestlandet. Men bruken av narkotika er truleg ikkje blitt mindre.

Færre innføringar av heroin og kokain til Noreg er blitt oppdaga av tollerar i år. Det viser tollvesenet sin statistikk for første halvår i 2012.

– Det er eit område som bekymrar oss. Me jobbar målretta med å finna ut årsaken til dette og med å bli betre, seier fungerande avdelingssjef Åge Skår i tollregion Vest-Noreg.

Det er ikkje berre tollregion Vest-Noreg som opplevder nedgang i mengden inndratt heroin og kokain, det same viser tala for heile landet.

– Vil framleis bli importert

Grunnen til at nedgangen bekymrar er at tollvesenet ikkje trur færre funn betyr at innføringa av slike stoff faktisk har gått ned.

– Me har ikkje sett nokon tydeleg indikasjon på at bruken og marknaden er i nedgang, og då vil det framleis bli importert, seier Skår.

Tollvesenet jobbar med å utvikla seg for å kunna stoppa meir. Dette skjer blant anna ved introduksjon av nye hjelpemiddel og målretta kontrollar der dei trur og håpar dei kan finna noko.

(Artikkelen held fram under videoen)

Tollvesenet region Vest-Noreg om narkotikafunn på Vestlandet.

Bekymra over meir våpen

På andre område har tollvesenet på Vestlandet konfiskert meir i løpet av første halvår i år, samanlikna med i fjor.

Medan dei i fjor gjorde 7 beslag av slagvåpen i fjor, er dette meir enn dobla i år. 57 våpenprodukt er inndratt i dei 16 beslaga tollvesenet har gjort i år. Dette inkluderer både el ektrosjokkvåpen, teleskopbatongar, stikkvåpen, kastestjerner, slagvåpen og slåsshanskar.

– Dette ser me mykje av ved returar etter sydenreiser, og det bekymrar oss. Dette er våpen som går ut på gata om me ikkje stoppar det, seier Skår.

LES OGSÅ: Fleire norske ferieturistar smuglar narkotiske tablettar

Meir av syntetisk narkotika

Tollvesenet er også bekymra over at dei har opplevd ein auke av narkotiske tablettar og syntetiske narkotiske stoff som kjem inn til landet i region Vest-Noreg. Det same gjeld dopingmiddel, der det både er gjort fleire beslag og større mengder blir funne i desse beslaga.

– Det kan vera ein indikasjon på auka bruk av doping, og at det finst miljø som nyttar seg av det, seier Skår.

Tollvesenet sine beslag på Vestlandet første halvår 2012

Beslag på Vestlandet pr. 30.06.11   pr. 30.06.12  
  Antall beslag Beslaglagt mengde Antall beslag Beslaglagt mengde
Cannabis 82 23.603 gram 62 1.397 gram
Heroin 1 600 gram 1 1 gram
Amfetamin 4 8 gram 7 37 gram
Kokain 3 281 gram 1 1 gram
Narkotiske tablettar 44 24.041stk. 62 23.696 stk.
Khat 11 200 kilo 7 144 kilo
Syntetiske Cannabinoider     19 224 gram
Skytevåpen 0 0 stk. 0 0 stk.
Andre våpen/voldsprodukt 7 9 stk. 16 57 stk.
Dopingmiddel 24 3525stk. 42 20.310 stk.
Brennevin 691 1.136 liter 625 985 liter
Sprit(brennevin over 60%) 1 1 liter 0 0 liter
Vin 145 472,8 liter 94 310 liter
Øl 88 1.187 liter 80 1.101 liter
Sigarettar 1068 790.903 stk. 988 443.090 stk.
Røyketobakk og snus 394 262 kilo 344 217 kilo
Kjøttvarer 23 596 kilo 17 314 kilo
Valuta 23 1.258.388 kr. 29 334.144 kr.
Verdi av ordinære varer 23 111.076 kr. 9 885.107 kr.
CITES-varer 2 2 stk. 0 0 stk.