Hopp til innhold

Drog i land denne kjempelaksen på 18 kilo

Eivind Aasen kunne glisa breitt etter fisketuren i Oselvo tysdag kveld. Han drog nemleg i land den største laksen som er blitt teken på fleire tiår i lakseelva.

Eivind Aasen med laks på 18 kg

17,9 KILO: Eivind Aasen med laksen han tok tysdag kveld i Oselvo. Til høgre står Tore Engelsen Moberg som hjelpte til med håven.

Foto: Ole Vidar Søviknes / Pro HD

Laks på 18 kilo i Oselva

BEIST: Her er laksen som Eivind Aasen fekk på kroken då han fiska i Oselvo tysdag kveld. 18 kilo og nesten like lang som eit menneske.

Foto: Ole Vidar Søviknes / Pro HD

– Dette var veldig spesielt, fortel den lukkelege fiskaren Eivind Aasen til Midtsiden.no

Dei siste dagane har det vore eit stort fiske i Oselvo i Os kommune sør for Bergen. Fleire har teke laks på både tolv og åtte kilo. Men det var Aasen som stod for den største, då han tysdag kveld plutseleg kjende at det hogg til i stonga.

– Eg stod og kasta litt på autopilot og var eigentleg litt lei. Eg tenkte det var berre å halde ut, for eg visste jo at det var fisk uti her, held han fram.

Vel på land vog dei laksen og vekta stogga ikkje før på 17,9 kilo.

Knallhard kamp

Laksen beit på ein raud og gul spinner med blankt blad. Aasen fortel at laksen stakk av garde nedover elva og at det vart litt av kamp for å få den i land.

– Eg sette sjøbein og rygga bakover. Laksen sat godt. Eg veit ikkje kor lang tid det gjekk før eg fekk den på land, men det tok mellom fem og ti minutt.

Tore Engelsen Moberg kom hjelpande til, og fekk den 18 kilo svære laksen i håven og opp på land.

SJÅ VIDEO: «Ein sværing!»

– Eventyrleg!

Ole Vidar Søviknes fortel til NRK.no at han har fiska i Oselva i ei årrekkje. Aldri har han opplevd noko liknande fiske i lakseelva.

– Eg har aldri opplevd maken altså. Det er heilt eventyrleg! Dette er truleg den største som nokosinne er teken i Oselva, fortel Søviknes.

Midtsiden skriv at så stor laks ikkje er fanga i Oselva på fleire tiår. Ein må ifølgje dei tilbake til 70- og 80-talet for å finna liknande.

Sjå fleire bilete og video frå laksefisket i Oselvo her.