Hopp til innhold

To politimenn angripe med kniv

Ein 29 år gammal mann gjekk til angrep med kniv då to politimenn skulle sjekka korleis det gjekk med han.

Fana kirke marker på kart
Foto: Skjermdump frå Google Maps

Klokka 05.17 torsdag morgon fekk politiet melding frå forbipasserande om at det i nærleiken av Fana kirke i Bergen sat ein mann inni ein bil som verka veldig sløv.

Politiet sendte ut to polititenestemenn som skulle sjekka forholdet.

– Me sendte opp ei patrulje der som skulle sjekka ut forholdet. Dei fann ein mannsperson sitjande bak rattet på bilen og han haldt på ein stor kniv, seier operasjonsleiar Morten Kronen i Hordaland politidistrikt.

– Då politiet tok kontakt med han gjekk han fysisk til angrep på politiet. Det blei eit basketak der politifolka fekk blant anna skrubbsår og rive opp uniformene, seier Kronen.

Politiet fekk kontroll på personen og køyrde han til Bergen legevakt for utvida prøve då det er mistanke om at han har køyrt bil i påverka tilstand.

– I tillegg til denne kniven blei det også funne ei øks i bilen, samt noko narkotika, fortel operasjonsleiaren.

Dei to politimennene som blei angripe blei køyrt til Bergen legevakt for sjekk.

Den 29 år gamle mannen vil bli transportert til arresten.

– Han blir sett i arrest, så vil han bli avhøyrt i løpet av dagen. Det vil så bli tatt stilling til vidare forføying etter avhøyrt, seier Morten Kronen.