Hopp til innhold

To brannar på Steinestø

Først slo lynet ned i eit hus. Deretter blei det meldt om full fyr i ei hytte like ved.

Først slo lynet ned i eit hus. Deretter blei det meldt om full fyr i eit hytte like ved.

KOM SEG UT: To personar og ein hund kom seg ut frå huset i Steinestøvegen.

Like før klokka 18.30 måndag fekk brannvesenet melding om at det var fyr i eit bustadhus i Steinestøvegen i Bergen.

Lynet skulle ha slått ned i taket på huset, og det var meldt om mykje røyk i 2. etasje.

Mykje røyk og lite eld

To personar og ein hund kom seg ut av huset, og klokka 19 melde brannvesenet at brannen var sløkt.

– Det har vore mykje røyk, men lite eld. Det er ein del røykskadar på huset. Dessutan er det skadar på taket fordi brannvesenet måtte laga hol i taket for å få sløkt brannen, seier innsatsleiar Gisle Antun i Hordaland politidistrikt til NRK.no.

Ifølgje Antun er det mykje som tyder på at lynnedslag er årsaka til brannen.

Full fyr i hytte

Klokka 19.44 melde brannvesenet om ny brann like ved. Denne gongen var det full fyr i ei hytte.

– Hytta ligg berre eit par hundre meter frå bustadhuset. Vi har brukt ein del av dei ressursane vi hadde på staden frå før, seier vaktkommandør Torkjell Helle ved 110-sentralen til NRK.no klokka 20.15.

Han seier det ikkje er fare for at hyttebrannen skal spreia seg til andre bygg.

Laster Twitter-innhold