Hopp til innhold

To av fem jenter på 16 slankar seg

Ny undersøking syner at mange hoppar over både frukost og lunsj. – Fleirtalet av jentene driv med unødvendig slanking, fastslår professor.

Jenter opplever slankepress

Jenter ved Fjell ungdomsskole: Frå venstre Ingrid Bjørneberg, Nora Savland, Alexandra Lillebø, Hedda Teige og Anna Teige.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

Ungdomen èt sunnare enn nokon gong. Likevel slankar 39 prosent av jentene på første trinn i den vidaregåande skulen seg. Dei fleste av desse er normalvektige.

Det viser ferske resultat frå den landsomfattande spørjeundersøkinga «Helsevanar blant skuleelevar», gjennomført ved Universitetet i Bergen.

Undersøkinga er gjort blant born og unge på 11, 13, 15 og 16 år.

– Eg har vener som eg synest er heilt normale og fine som dei er, men som heile tida seier at dei må ete sunnare og mindre, seier Nora Savland, som går siste året ved Fjell ungdomsskole på Sotra.

Det er trist at jenter bruker ungdomstida si på å slanke seg. Det er denne tida ein bør bruke på å more seg og ha det kjekt. I staden bruker dei tida på å tenkje på mat, trening og utsjånaden på kroppen.

Ingrid Bjørneberg, tiandeklassing ved Fjell ungdomsskule

Slankepress på seg sjølv og andre

Slankepresset kan ifølgje forskarane sjåast i samanheng med mykje fokus på kroppsbilete og perfeksjonisme, samt aukande merksemd knyta til diettar som lover å gjere ein både slank og vellukka.

Jentene ved Fjell ungdomsskole seier at mykje av slankepresset kjem frå sosiale medium, spesielt Instagram.

– Ein skal vere godt trent, flink på mykje, og vise andre at ein er sunn, seier dei.

Dei meiner ungdomen skapar mykje av slankepresset sjølv.

Landsdekkjande undersøking

Landsdekkjande undersøking: Rapporten viser at mange jenter driv med unødvendig slanking.

Foto: Anette Kronstd Sørheim / NRK

Rapporten viser at ungdom har sunne etevanar i form av regelmessig inntak av frukt og grønt, lite snop og brus i kvardagsdietten. Likevel viser resultata at svært mange ikkje fylgjer nasjonale råd for spisevanar.

Ungdomane blei intervjua i 2014. Når ein samanliknar matinntaket med inntaket i 2010, har det vore ein svak nedgang i fruktinntak hjå jenter i born- og ungdomsskulealder, og for gutar på 8. årstrinn. Ifølgje undersøkinga kan lågkarbotrenden vere ein grunn til dette.

Unødvendig slanking

– Nesten halvparten av 16-åringane slankar seg. Det er mange, fastslår Oddrun Samdal, professor i helsepsykologi ved Universitetet i Bergen.

Frå eit helseperspektiv har dei ikkje grunn til å slanke seg.

– Viss vi ser på høgde og vekt, som dei òg har rapportert, så er det berre ein liten del som er overvektige. Fleirtalet av jentene driv med unødvendig slanking, fastslår ho.

Oddrun Samdal

Forskar på helse blant ungdom: Oddrun Samdal, professor i helsepsykologi ved Universitetet i Bergen.

Foto: Anette Kronstad Sørheim / NRK

Tenåringsjentene som har rapportert at dei slankar seg, hoppar over måltid i kvardagsdietten.

– Mange av desse et ikkje frukost, og et ikkje regelmessig lunsj. Det er høgt inntak av grønsaker, og det er større bevisstheit rundt kva maten inneheld ernæringsmessig, seier Samdal.

Samla viste resultata frå undersøkinga at ungdom er sunnare i form av rapporterte matvanar og rusmiddelbruk, medan dei samtidig opplevde store belastningar i form av helseplager og skulestress.

Jentene ved Fjell ungdomsskole trur det er viktig støtte kvarandre, og ikkje alltid vise perfeksjonisme.

– Folk må innsjå at det dei gjer mot seg sjølv ikkje er bra, seier Hedda Teige.

 - Det er et veldig stort press på å ha perfekt kropp og å spise perfekt, forteller ungdommene på Fjell ungdomsskole.