Bergensaren skal ha ringt til den tyske ambassaden i Oslo to gongar om ettermiddagen onsdag 22. februar i år. I dei to samtalane skal han ha kome med grove trugslar på tysk.
I telefonsamtalane uttalte 55-åringen både noko som kan oversettast til «siste åtvaring» og «bombe», og han nemnde «Rote Armee Fraktion», skriv .
Risikerer fengsel
Etter ordre frå riksadvokaten er bergensaren blitt tiltalt for å ha krenka Tyskland ved å opptre trugande eller fornærmande ovanfor ein tilsett ved landet sin ambassade, og han risikerer fengsel utan vilkår, skriv avisa.
Straffesaka mot den tiltalte mannen kjem opp for retten i september og skal gå i Oslo tingrett.
Ikkje tilknyting til «Rote Armee Fraktion»
«Rote Armee Fraktion» som mannen skal ha nemnd i telefonsamtalen er ei venstre-radikal terroristgruppe som var aktiv i Vest-Tyskland på 1970-talet.
Dagbladet.no skriv at 55-åringen ikkje skal ha hatt noko med «Rote Armee Fraktion» å gjera, og i ettertid av hendinga i februar skal han ha sagt at han ikkje hadde tenkt å utføra noko av det som blei oppfatta som trugslar.