Hopp til innhold

– Hald deg 100 meter unna

Halvparten av skadane med fyrverkeri rammar dei som berre står og ser på.

Nils Bull

STERK ÅTVARING: Augelege Nils Bull på Haukeland sjukehus vil ha tilskodarar langt unna.

Foto: Dag Harald Kvammen Andersen / NRK

Augelege Nils Bull på Haukeland sjukehus i Bergen kjem med ei sterk åtvaring før nyttårsfeiringa.

Bakgrunnen er ein ny internasjonal rapport som viser at 47 prosent av dei som blir skadde av fyrverkeri er tilskodarar.

100 meters faresone

– Det beste er å vera innandørs. Men viss du er ute, så er det akkurat like fint å sjå på når du står 100 meter i frå som når du står 20 meter i frå, seier Bull til NRK.

Augelegen meiner at dei som skal gå nærare enn 100 meter berre bør vera dei som tenner på fyrverkeriet.

Han meiner uansett at alle som går inn i det farlege området må bruka vernebriller.

– Vernebriller følgjer ofte med når ein kjøper fyrverkeri. Dei som ikkje syns desse brillene er fine nok, kan kjøpa tøffe vernebriller i spesialbutikkar, seier Bull.

Video Mange øyeskader etter fyrverkeri

SJÅ VIDEO: NRK Dagsrevyen fortalte om mange augeskadar etter nyttårsfesten i fjor.

Fryktar mange skadde

Nils Bull fryktar og reknar med at det blir ei like lang liste med skadde pasientar som tidlegare år, sjølv om både han og andre har åtvara mot augeskadar av fyrverkeri i mange år.

Han gjekk inn for eit totalforbod etter nyttårsfeiringa for to år sidan, men forslaget fekk lite støtte frå politikarane.

– Resultatet kan bli at ein misser synet for resten av livet. Elles er det mange som får masse komplikasjonar og plager resten av livet, eller varig reduksjon av synet, seier Bull.

– Lærer vi aldri?

– Unge, fulle menn lærer aldri, seier Bull.

Les og:

Synsskade

AUGESKADE: Augelege Nils Bull viser ein typisk augeskade frå fyrverkeri.

Foto: NRK