Pantelotteri - Foto: Pantelotteriet /
Foto: Pantelotteriet

Vann 100 000 med tomflasker

Ein 58-åring frå Austevoll vann i dag 100 000 kroner i pantelotteriet til Røde Kors. Dermed stakk han av med årets hittil største gevinst.

Jan Egil Horgen (58) frå Storebø i Austevoll kan fylla påskeegget ekstra fullt i år.

Han var på butikken i dag for å panta mange tomflasker, etter at han hadde ein venegjeng på besøk i går kveld. Horgen trykte på lotteriknappen, slik han alltid gjer.

Kjøper møblar

– Dette var ei kjempehyggeleg overrasking, seier Horgen i ei pressemelding frå Røde Kors.

Pengane vil han bruka på møblar til ein ny feriebustad han nettopp har kjøpt.

Pantelotteriet Panto er eit lotteri der ein brukar tomme boksar og flasker som innsats i panteautomatar, og overskuddet frå lotteriet går til Røde Kors.

Lotteriet blei lansert i 2008 .

Ny rekord i 2011

Røde Kors fekk i 2011 meir enn 12,4 millionar kroner i støtte frå pantelotteriet, og aldri tidlegare har det blitt satsa så mye pant. Av dette har Røde Kors sine lokallag fått over 2,7 millionar kroner.

Det blei spelt 3 152 525 gonger i Norge i fjor, ifølgje Røde Kors.

Toppgevinsten er to millionar kroner, men den er det så langt ingen som har vunne.