Hopp til innhold

Taxiranet: – Ei tøff påkjenning for sjåføren

Drosjesjåfør vart truga med kniv og fekk tau rundt halsen under brutalt ran. – Vi tek vare på han, seier sjefen i taxiselskapet.

Drosjeran på Skjoldskiftet i Bergen

Ranet skjedde ved ein haldeplass på Skjoldskiftet i Fana i Bergen.

Foto: NRK

Det var natt til fredag ved Skjoldskiftet i Bergen at vakta til taxisjåføren tok ein dramatisk vending. To menn rana han for ein mindre sum pengar, men sjølv om utbyttet vart lite så skjedde ranet på brutalt vis.

Etter det NRK erfarer fekk ranerane berre med seg 300 kroner.

Den eine personen truga sjåføren med ein kniv, medan den andre fekk lagt eit tau rundt halsen på han.

– Det står bra til med han i dag, men det er klart at dette har vore ei tøff påkjenning for han, seier dagleg leiar Morten Røssland i Norgestaxi, selskapet som sjåføren køyrer for.

Får hjelp av psykolog

Morten Røssland daglig leder i Norgestaxi

Dagleg leiar Morten Røssland i Norgestaxi.

Foto: Privat

Han fortel at dei trefte sjåføren på åstaden i natt, før ein representant for selskapet frakta sjåføren til legevakta.

– Vi hjelpte med å levere melding til politiet og vi har ordna slik at han får oppfølging av psykolog. Det er ofte ein får ein reaksjon på noko slikt ei tid etter det har skjedd, så vi tek vare på han, held Røssland fram.

Han seier episoden er veldig tragisk, men at slike ting heldigvis skjer sjeldnare og sjeldnare.

– Det er ikkje pengar å finne i taxiane lenger. Folk betaler med kort eller mobil. Det er ingen pengar å stele.

– Tåpeleg

NRK har prata med fleire taxisjåførar om ransepisoden i natt. Even Frydenberg skjønar ikkje kva folk tenkjer med.

– Det er heilt tåpeleg. Du får meir ut av å rane ein brusautomat enn å rane ein taxisjåfør.

– Du kan ikkje gå rundt å tenke på at slikt kan skje i kvardagen, då blir ein heilt tullete, meiner sjåfør Kjetil Sandven.

Røssland i Norgestaxi fortel at han har tatt ein runde med sjåførane sine i dag.

– Eg har snakka med dei på haldeplassane, vi har gode rutinar når slikt skjer. Vi har også ei lukka facebookgruppe der vi gir informasjon til dei som måtte trenge det.

Politiet er uroa

Dei to ranarane vart seinare på natta arrestert og sett i politiets varetekt. Politistasjonssjef Morten Ørn ved Bergen sør politistasjonssjef omtalar ranet i natt som grovt.

– Vi hadde også eit liknande ran førre veke, så vi er uroa for dette.

Taxisjåfør ranet – ble truet med kniv og tau rundt halsen.