Hopp til innhold

Brukar zombiar for å lære elevane etikk

Ein vidaregåande skule i Bergen har tatt i bruk ein ganske utradisjonell undervisningsmetode i religion. Dei bruker nemleg zombie-dataspelet «The Walking Dead» i etikkundervisninga.

Det finst ulike undervisningsmetodar i den vidaregåande skulen i dag, men å bruke zombiespel i undervisninga er kanskje meir uvanleg?

VIDEO: Dataspelet The Walking Dead vert brukt for å lære elevane etikk. FOTO: Jørgen Eide.

– «Er det rett av Glenn å forsøke å redde denne kvinna?» spør lektor Tobias Staaby elevane sine i religion.

På Nordahl Grieg vidaregåande skule har Staaby prøvd ut zombiespelet The Walking Dead i religionsundervisninga i to veker. Dette blir gjort for å lære elevane etikk.

(Artikkelen held fram under biletet)

Zombiespel i klasserommet

MØRKT KLASSEROM: Elevane er konsentrerte og følgjer nøye med når spelet er i gang.

Foto: Tale Hauso / NRK

Spelet handler om drapsdømde Lee Everett, som må ta seg av ei ung jente som heiter Clementine. Spelet går etter handling og karakter, der både spelarane sine dialogval og handlingar vil gje utslag på korleis historia utviklar seg.

Undervisning med dilemma

På førehand vel Staaby ulike etiske modellar og teoriar frå læremåla. Deretter finn han ut kva etiske dilemma det er i The Walking Dead og korleis dei kan løysast med utgangspunkt i etiske teoriar som elevane skal kunne.

– I timen går eg fyrst gjennom pensum. Deretter byrjer vi å spele og kvar gang vi kjem til eit etisk dilemma så setter vi spelet på pause, forklarer Staaby.

Spelkonsoll

SPELKONSOLL: Denne er ein viktig del av undervisninga i etikk.

Foto: Tale Hauso / NRK

Elevane går så saman i grupper og diskuterer dei dilemma som kjem opp.

– Når dei har diskutert ferdig, røyster kvar enkel elev anonymt på ein web-basert applikasjon som heiter Kahoot!, om kva dei skal gjere i eit kvart dilemma, forklarer ein engasjert Staaby.

Ny måte å diskutere på

– Diskusjonen før var til dømes «kva hadde vi gjort». Dette kunne vi diskutere om når vi til dømes såg ein film. No når vi bruker dataspel så kan vi heller diskutere «Kva skal vi no gjere og kvifor», seier Staaby.

Det er ulike forklaringar for kvifor han byrja å bruke dataspelet i undervisninga.

– Eg hadde eit djupt personleg ønskje om å bruke denne typen undervisning fordi eg meiner det fører til betre læring og større engasjement blant elevane. I tillegg er Nordahl Grieg vidaregåande skule nyskapande når det gjeld teknologi og undervisning, og dette gjorde det mogeleg for meg å prøve det ut.

Tobias Saaby

KREATIV LÆRAR: Tobias Staaby, Nordahl Grieg vidaregåande skule, nyttar seg av ein uvanleg undervisningsmetode i religion.

Foto: Tale Hauso / NRK

Positive resultat

Staaby ser at elevane blir veldig motiverte og engasjerte i timane. Han meiner at når ein er engasjert i det ein jobbar med, så lærer ein også betre.

– Spelet set elevane i dilemma dei elles ikkje ville ha tenkt på. Svaret dei då gjev er i større grad sine eigne, sidan dei må tenkje nytt og svare på ting dei ikkje har høyrt eller lest svaret på i media, konkluderer Staaby.

Staaby ser at ein del av gutane som vanlegvis sit bakarst sete seg ofte fremst når dei skal spele. Elevane kjem stadig vekk bort til læraren for å spørje om når dei neste gang kan spele.

– Vi speler ikkje fyrst og fremst for å ha det gøy, men for å lære. Men det er kjekt når ein kan få til begge delar, meiner Staaby.

(Artikkelen held fram under biletet)

elevar speler zombie

NØGD: Lea Alsos (t.v) og Torkel Røynstrand likar å bruke dataspel i undervisninga.

Foto: Tale Hauso / NRK

Var skeptisk

Elev Lea Alsos var i byrjinga skeptisk til å bruke eit dataspel i undervisninga.

– Fyrst så tenkte eg at det var for nerdete for meg, men så var det faktisk veldig kjekt. Eg kan eigentleg alt lærestoffet vi har hatt til no, og det er ikkje vanleg at eg kan alt allereie etter berre ein undervisningstime, svarer Alsos.

Synne Wiberg synest timen er ganske ulik den normale undervisninga, men ho meiner det er ein kreativ og fin måte å lære på.

Synne Wiberg

NYTTIG: Synne Wiberg likar måten ein lærer etikk på.

Foto: Tale Hauso / NRK

Kva har du lært?

– Kva har eg ikkje lært? Måten timen vert lagt opp til, der vi diskuterer alle etiske dilemma vi kjem opp i, har gjort at eg har lært meir om etiske modellar og måtar å tenkje på, svarer Wiberg.

Staaby hadde forventa nokre telefonar då han byrja med zombiespelet i undervisninga.

– Eg trudde eg ville få hissige telefonar frå ein mor eller far som lurte på kva i alle dagar elevane dreiv på med, men førebels har eg ikkje fått det.

Bruk av spel i undervisninga

Filipa de Sousa

OBSERVERER UNDERVISNINGA: Stipendiat Filipa de Sousa forskar på bruken av dataspel i undervisninga.

Foto: UiO

Denne veka har stipendiat Filipa de Sousa ved Universitet i Oslo (UiO) vore med på undervisninga til Saabye. Ho er med i ei forskergruppe kalla InterMedia som utforskar design og bruk av teknologibaserte omgivnader i skular, museer og arbeidslivet. I fokus står læring, digital kunnskapsrepresentasjon og sosial praksis, og forholdet mellom desse.

– Eg ønskjer å sjå korleis ein lærar faktisk kan bruke dataspel i undervisninga på ein positiv måte. Det er interessant å vere med på denne nytenkjande måten å undervise på.

For de Sousa er det viktig å få meir kunnskap om korleis ein kan bruke teknologi, og særleg dataspel. Og ho har fått eit godt inntrykk på nettopp dette.

– Eg har observert at elevane er veldig interesserte, dei deltek i undervisninga, har eigne meiningar og tar eigne val. Når eg har prata med elevane om undervisningsmetoden med dataspel, så har alle svart at dei synest det er ein fin måte å lære etikk på.

Dataspel i framtida

de Sousa trur at elevar som veks opp i den teknologiske kvardagen vil skapa utfordringar for skulane.

– No er det ikkje berre å lese og skrive lengre. No bør skulane halde seg oppdaterte og ta med seg den nye teknologien inn i skulen for å fremma læring.

Tobias Saabye vil oppmode fleire lærarar i å bruke dataspel som ein del av undervisninga, og han håper at fleire vil ta det i bruk i åra som kjem.

– Eg håper dei lærarane som har lyst til å gjere dette, berre «køyrer på» og bruker det i undervisninga si.