Hopp til innhold

Seier ja til over tusen nye flyktningar

Bergen kommune aukar mottaket av flyktningar i åra som kjem. Bergensarane sine gode haldningar er ein av grunnane, ifølgje sosial- og bustadbyråd Dag Inge Ulstein (KrF).

Dag Inge Ulstein

TAR IMOT FLEIRE FLYKTNINGAR: Sosialbyråd Dag Inge Ulstein (KrF).

Foto: NRK

Vi strekk oss langt sjølv om det er krevjande for kommunen og tenestene.

Dag Inge Ulstein (KrF), sosial- og bustadbyråd i Bergen

Bergen kommune har dei siste åra busett langt færre flyktningar enn det staten har bede om.

No vil sosial- og bustadbyråd Dag Inge Ulstein (KrF) gjere som Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (IMDi) ber om - busette 350 flyktningar kvart år.

– Vi er veldig glade for at vi kan oppfylle det som IMDi har bede oss om å gjere. Vi strekk oss langt for å sørge for at fleire flyktningar får sjansen til å busetja seg her i Bergen, sjølv om det er krevjande for kommunen og tenestene, seier Ulstein.

4500 på vent

Trass i at dei har fått opphald i Noreg, blir flyktningar sittande på mottak i påvente av ein kommune å bu i. I dag sit det kring 4500 flyktningar på norske mottak i vent på busetting.

Bergen kommune utmerker seg positivt.

Randi Kleven, regiondirektør i IMDi Vest.

Per i dag har berre tre kommunar i Hordaland meldt tilbake kor mange dei kan ta imot. Kommunane har frist til utgangen av oktober med å svare.

Men byrådet i Bergen har no sagt ja til å auka mottaket i 2013 til 300 flyktningar, og frå 2014 til 2016 til å ta imot 350 flyktningar årleg.

Det er regiondirektør i IMDi Vest, Randi Kleven, godt nøgd med.

– Bergen kommune utmerker seg positivt ved at kommunen har fatta eit vedtak i tråd med behovet og det IMDi har bede om, seier ho til NRK.no.

– Gode haldningar i befolkninga

– Vi må ta ansvar saman med andre kommunar i Noreg, seier sosialbyråd Dag Inge Ulstein.

– Bergen har tidlegare fått kritikk for ikkje å ta imot så mange som IMDi har ønskt. Kva har endra seg?

– Bergen kommune har heile tida sett at dette er eit område som vi har ansvar for. Og innbyggjarane støttar dette veldig tydeleg. Ei undersøking vi har gjort syner at over 70 prosent av befolkninga meiner vi bør ta imot like mange flyktningar som i 2013 eller fleire. Det er eg veldig, veldig glad for. Det er veldig gode haldningar i befolkninga på nettopp det her, seier Ulstein.

– Kor skal flyktningane busettast?

– Det er enno ikkje avklart, men det vi seier i byrådssaka er at det ikkje vil gå utover den kommunale bustadmassen, seier Ulstein.

– Skulle berre mangla

SV-gruppeleiar Oddny Miljeteig er godt nøgd med innstillinga frå det borgarlege byrådet.

At vi no tek vår del, skulle på den eine sida berre mangla.

Oddny Miljeteig, gruppeleiar for SV

– Eg er veldig glad for dette linjeskiftet frå byrådet, for det håpar eg det er. Bergen har stort sett lege på minus i høve til det IMDi ber oss om. At vi no tek vår del, skulle på den eine sida berre mangla. På den andre sida helsar eg eit slikt linjeskifte velkomen, og håpar dette vil gjelde alle år frå 2014, seier ho.

Oddny Miljeteig

NØGD MED BYRÅDET: Oddny Miljeteig (SV).

Foto: NRK

– Ikkje linjeskifte

Ulstein meiner ikkje det er snakk om eit linjeskifte.

– Vi har strekt oss langt tidlegare. Vi er glade for at vi kjem IMDi i møte, men ser ikkje på dette som eit linjeskifte, seier Ulstein.

– Kan kommunen kome til å ta imot fleire enn det IMDi ber om?

– No har vi føreseielegheit for dei tre neste åra. Vi har strekt oss langt. Vi får ha ein dialog med IMDi, men trur dei er glade for at vi tek imot det talet vi no har sagt ja til.