Hopp til innhold

Rektor: – Sjeleglad for at ikkje liv gjekk tapt

Fjerdeklassingane høyrde knakelydar i gymsalen. Få timar seinare kollapsa taket fullstendig.

Det var dramatisk på Skare barneskule i Odda kommune i går.

I 12-tida om føremiddagen høyrde ei gruppe fjerdeklassingar knakelydar frå taket då dei var i gymsalen. Samtidig såg dei at taket bula nedover.

Created by InfoDispatcher

Bjørn Haaland i bygg- og eigedomsavdelinga forklarar kollapsen.

Blei evakuert

– Elevane melde frå. Deretter blei området straks evakuert og sperra av. Eg er sjeleglad for at det ikkje gjekk liv tapt, seier rektor Nils Rullestad til NRK.

Seinare på dagen blei det gjort forsøk på å redda taket frå kollaps, men rundt klokka 18 var det ikkje mogleg å gjera noko meir.

– Ved hjelp av kranbil skulle ein forsøkja å få vekk ein del av snøen, men akkurat då ein skulle gå i gang, ramla heile taket saman, fortel Rullestad.

I går la Odda kommune ut ei sterk åtvaring på nettet:

– Det må ikkje vera ferdsel i det avsperra området, og me rår dei vaksne til å snakke med borna om dette, skreiv kommunen i går.

I dag blir alvoret understreka i ei ny melding frå kommunen:

«Fortsatt gjeld INGEN FERDSEL i det avsperra området.»

Samanrast tak på Skare barneskule

STORE SKADAR: Veggen bular ut, etter at store krefter har knekt saman taket på skulen.

Foto: Øyvind Haaland/Odda kommune

Vanleg undervisning

Bygningen har to fløyer, og det er ikkje sjølve skulebygningen som er ramma.

Etter ei synfaring laurdag føremiddag er det klart at undervisningsromma er trygge. Det betyr at dei 46 elevane skal møta på skulen på måndag.

– Det er den delen som inneheld gymsal og grendahus som er skadd. Derfor har vi på eit møte i dag bestemt oss for at undervisninga går som vanleg på måndag, seier rektor.

Unntaket er sjølvsagt bruk av gymsalen, som er heilt rasert av det samanraste taket.

På nettsidene til barneskulen går det fram at elevane vil bli møtt med ei samling i første time på måndag. Der vil skulen informera om kva som har skjedd, og korleis skuledagane blir framover.

Opphoping av snø

Det er enno usikkert kva som var årsaka til at taket blei øydelagt. Men det kan ha samanheng med ei skeiv belastning på taket.

– Det skal ikkje vera uvanleg mykje snø i området, men det ser ut som snøen har hopa seg opp på den eine sida av taket, seier Bjørn Haaland, som er områdeleiar i bygg- og eigedomsavdelinga i Odda kommune.

I morgon ventar han ein takstmann til staden for å vurdera skadane, og kva som kan gjerast.

– Det må også gjerast sikring mot nye skadar på andre delar av bygget, seier Haaland.

Skare, Odda