Hopp til innhold

Syklist døde under Bergen-Voss

48-åring fall ned ei skråning på 40–50 meter under sykkelrittet Bergen-Voss.

Sykkelulukke Bergen Voss

ULUKKE: Her skjedde ulukka under sykkelrittet.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Sykkelulukke Bergen Voss

BRATT SKRÅNING: Mannen fall utfor vegen ved ei bratt skråning.

Foto: Jarl Omestad / NRK

Politiet bekreftar at Sigbjørn Rafdal (48) frå Etne omkom under sykkelrittet Bergen-Voss i dag. Han køyrde utfor vegen på Risnes ved Trengereid.

Syklisten skal ha falle ned ei skråning på 40–50 meter, og landa på togskjener. Han fekk hjelp av ambulanse og politi, men livet sto ikkje til å redde.

Ulukka førte til at fleire andre syklistar velta, men dei er ikkje skadde. Politiet opplyser at diverse etterforsking blir gjort på ulukkesstaden.

Rittet vart ikkje stoppa

Rafdal køyrde utfor vegen like før klokka 08.30. Sykkelrittet vart ikkje stoppa, men syklistar måtte sykle sakte forbi der ulukka skjedde.

– Vi hadde ikkje klart å handtere ei avlysing. Vi hadde 4500 ryttarar i løypa. I tillegg var vi som arrangørar veldig tett på ulukka. Det er ein forferdeleg situasjon, seier rittleiar Bo André Namtvedt.

Han fortel at arrangørane valde å leggje alle ressursar i å hjelpe dei andre i kameratgjengen til den avdøde syklisten.

Opprettar sak

Politiet opprettar no sak, og skal drive etterforsking på vanleg måte.

– Så vil etterforskinga vise kva ein kjem fram til med tanke på hendingane forut for ulukka, seier Frode Kolltveit, operasjonsleiar i Hordaland politidistrikt til NRK.

Han fortel også litt om korleis ulukka skjedde.

– Vedkommande kom syklande i ei gruppe saman med fleire andre, og har falt ned mot skjenegangen, om lag 40 meter før han stansa.

Politiet fortel at lege var raskt på plass. Om lag klokka 09.00 vart mannen bekrefta omkomen.

Bergen-Voss sykkelritt

SYKLAR FRÅ BERGEN: Dette biletet vart tatt i Bergen tidlegare i rittet, utan samanheng med ulukka.

Foto: Pål Bentdal