Hopp til innhold

Vil ha Vikingland i Hordaland

Sveio-ordføraren vil ha den planlagde temaparken Vikingland. – Sveio har absolutt interessante lokaliseringsmoglegheiter, seier prosjektkoordinatoren for Vikingland.

Vikingland

VIKINGLAND: Vikingland skal etter bli ein tradisjonell temapark med karusellar og show, men det skal også innehalda ein «infotainment»-del.

Foto: Vikingland / ITEC entertainment corporation

I april i fjor blei det kjent at selskapet Vikinglandet Utvikling AS jobbar med å planane om eit 300-400 mål stort Vikingland på Haugalandet.

I slutten på november blei Fosen i Karmøy kommune i Rogaland trekt fram som ei mogleg lokalisering for temaparken som etter planen skal opna i 2017.

Seier ikkje kor i Sveio dei vil ha det

Ruth Eriksen

LANSERER SVEIO: Sveio-ordførar Ruth Eriksen meiner fleire stadar i Sveio kan vera aktuelle som plassering for Vikingland.

Foto: Privat

No kastar Sveio kommune i Hordaland seg inn i kampen, og Sveio-ordførar Ruth Eriksen (H) seier til Haugesunds Avis at ho synest det hadde vore kjekt å fått temaparken til Sveio.

Ordføraren har ifølgje avisa seld inn fleire moglege plasseringar for Vikingland, men ho vil ikkje seia kor i Sveio kommune desse er.

Prosjektkoordinator Odd Erik Salvesen seier til NRK at det per no er vanskeleg å seia kor sannsynleg det er at Vikingparken kan hamna i Sveio.

– Først må me sjå om me klarer å få til prosjektet totalt sett, men det er klart at Sveio har absolutt interessante lokaliseringsmoglegheiter, seier Odd Erik Salvesen, til NRK.

Sentral plassering er hovudkriteriet

Odd Erik Salvesen

UTELUKKAR IKKJE SVEIO: Ifølgje prosjektkoordinator Odd Erik Salvesen har Sveio interessante lokaliseringsmoglegheiter.

Foto: Thomas Halleland / NRK

Nærleik til E39 var ein av grunnane til at Fosen blei trekt fram som ei god plassering, og nærleik til hovudvegar er avgjerande når plasseringa for Vikingland skal veljast.

– For det første må det ligga sentralt i forhold til Bergen og Stavanger, og det gjer jo Sveio. Det må også ligga sentralt i forhold til Hordfast og Rogfast når dei kjem på plass, seier Salvesen.

– Me er cirka ein million menneske her og å ha ei plassering midt i regionen blir då viktig. Det er viktig også i forhold til turisme, me har over 70 internasjonale ruter, og me vil gjerne at flest mogleg skal ta turen innom, forklarer Salvesen.

Plassering blir truleg avgjort i 2014

Vikingland skal etter planen bli ein tradisjonell temapark med karusellar og show, men det skal også innehalda ein «infotainment»-del som gir informasjon om vikingane og vikinghistoria.

– Viss me lukkast med å løfta dette prosjektet saman i Hordaland og Rogaland så har me moglegheiter til å ha det klart i 2017-2018, seier prosjektkoordinatoren om opninga av Vikingland.

– Når avgjer de kor Vikingland vil komma?

– Mest sannsynleg i løpet av det første halve året, kanskje i løpet av 2014. Det er litt avhengig av framdrifta i forprosjektet me jobbar med å få finansiert i 2014, seier Odd Erik Salvesen.