Hopp til innhold

Høgre-ordførar i Sveio ønskjer fylkesgrensa dit peparen gror

Sveio-ordføraren startar ny debatt om å bytta fylke frå Hordaland til Rogaland.

Ruth Østebøvik Eriksen

VIL TIL ROGALAND: Ordførar Ruth Østebøvik Eriksen (H) i Sveio ser mange fordelar med å flytta til Rogaland.

Foto: Høyre

Det er Haugesunds Avis som skriv at Høgre-ordføraren i Sveio ønskjer å teikna fylkesgrensa på nytt, slik at hennar kommune høyrer til nabofylket i sør.

Sveio ligg i Sunnhordland og har om lag 5300 innbyggjarar. Næraste by er Haugesund i Rogaland, som berre ligg ein 20 minuttars køyretur unna, ifølgje kommunen si nettside.

Skule er viktigast

– Den største fordelen med å bytta fylke gjeld vidaregåande skule. 90 prosent av elevane våre elevar går på skule i Rogaland, seier Ruth Østebøvik Eriksen til NRK.no.

Kommunen har tatt kontakt med nabokommunen Ølen, som flytta frå Hordaland til Rogaland i 2002, for å høyra kva erfaringar dei har med fylkesbytte.

I går var tidlegare Ølen-ordførar Arne Bergsvåg (Sp) på besøk i Sveio og fortalde Sveio-politikarane om fylkesbyttet.

– Ølen føler at dei har hatt mange fordelar, blant anna når det gjeld vidaregåande skule, seier ordføraren i Sveio.

– Må snakka om det

Østebøvik Eriksen trur det vil gå ein del tid før eit fylkesbytte kan bli gjennomført.

– No skal vi setja oss ned og snakka om det. Dette har vore diskutert før, så vi må sjå kva vurderingar som er gjort tidlegare. Vi får ta eitt steg om gangen, seier ho.

Østebøvik Eriksen viser til at det tidlegare var sjøen som knytte saman bygder og kommunar, medan det no er vegane som har overtatt mykje av den funksjonen.

Ordføraren føler mange gonger at fylkesgrensene er meir til ulempe enn til nytte.

– Ofte ønskjer eg fylkesgrensa dit peparen gror, seier ho.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.