Mykje politi ute for å hindra casuals-bråk - Politiet i Bergen har mange patruljar ute for å skulle kunna hindra bråk mellom casuals. - Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

Politiet i Bergen har mange patruljar ute for å skulle kunna hindra bråk mellom casuals.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

Supporterbråk i sentrum

Rundt 60 Brann- og Vålerenga-supporterar braka saman i Bergen sentrum. I løpet av søndag ettermiddag og kveld har åtte personar blitt sett i arresten.

Brann møter søndag kveld Vålerenga på Brann Stadion. Politiet melder søndag ettermiddag om bråk mellom dei to laga sine supporterar i Bergen sentrum.

– Det er nokre casuals som skaper ein del bråk i sentrum, seier operasjonsleiar Erik Gjesdal i Hordaland politidistrikt til NRK.

I 17-tida rykka fleire politipatruljer ut til området ved Sydnesplass på Høyden for å løysa opp i bråket.

– Rundt 60 supporterar var i klammeri der. Me er på staden og har fått kontakt med nokon av dei, andre har sprunge frå staden, seier Gjesdal.

Fire personar i arresten

Det blei slutt på bråket kort tid etter at politiet kom til staden, og fleire av dei innvolverte var raske med å forsvinna frå staden.

I 18-tida opplyser politiet at fire fotball-supporterar er innbrakt i arresten.

– Tre blei innbrakt i arresten etter bråket på Høyden. Me mistenker at desse hadde sentrale roller i høve bråker og vil snakka med dei. Eg har førebels ikkje oversikt over kva supporterklubb dei tilhøyrer, seier Gjesdal.

Ein bergensar i 20-åra er sett i drukkenskapsarresten etter at han i 16-tida laga bråk på ein uteplass i sentrum. Han vil bli politimeldt for ordensforstyrring.

VIF-supporterar på veg gjennom Bergen sentrum - VIF-supporterarar i Bergen sentrum søndag ettermiddag. - Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

VIF-supporterarar i Bergen sentrum søndag ettermiddag.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK
– Veit at det kan oppstå bråk

– Dei fleste av supporterane som har vore i sentrum i ettermiddag er no på veg til stadion, seier operasjonsleiaren like over kl. 18.

Då Vålerenga-supporterar gjekk gjennom byen for å komma seg til bussar dei skulle ta blei dei følgd av bergenspolitiet.

– Me veit erfaringsmessig at dette er ein kamp det kan oppstå bråk i tilknyting til. Me har difor lagt opp eit opplegg der me blant anna held auge med supportarar som oppheld seg i sentrum, seier Erik Gjesdal.

VIF-supporterar med politi på slep gjennom Bergen sentrum - Politiet følgjer etter VIF-supporterar som går gjennom Bergen sentrum, for å sørgja for at det ikkje opppstår bråk. - Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

Politiet følgjer etter VIF-supporterar som går gjennom Bergen sentrum, for å sørgja for at det ikkje opppstår bråk.

Foto: Alexander Vollevik Larsen / NRK

Fire inn til arresten etter kampslutt

Kampen på Brann Stadion starta kl. 19.00 i kveld. Politiet melder at dei har mykje folk på jobb ute i Bergen i ettermiddag og i kveld.

Etter kampslutt i 21-tida blei fire personar brakt inn til arresten etter knuffing og småslossing i Inndalsvegen mellom Brann Stadion og Bergen sentrum.

– Dei fire som blei innbrakt tidlegare i dag er no sloppe ut igjen, så det er desse fire frå Inndalsvegen me no har inne, seier operasjonsleiar Erik Gjesdal.

Ein del av Vålerenga-supporterane er no på veg over fjellet i buss og fleire andre ventar på nattoget som skal gå kl. 23.

–Det er litt støy rundt om i sentrum no, men det er stort sett berre roping, seier Gjesdal kl. 22.

Radio og TV

Irene Aase (64) har hendene fulle av bunadsbestillinger. Men bunadene hun lager er ikke for folk flest.
Created by InfoDispatcher
Tør ikkje gå åleine på jobb
Virvelvind i Åsane

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)