Hopp til innhold

Plattform-arbeidarane satt to timar i livbåtane

Dei tilsette måtte gå rett i livbåtane da ein supplybåt kolliderte med Oseberg Øst-plattforma i natt.

Oseberg Øst plattform

EVAKUERT: Plattform-arbeidarane måtte gå i livbåtane då ein supplybåt kolliderte med Oseberg Øst-plattforma natt til torsdag. Der vart dei sittande i to timar til situasjonen var avklart.

Foto: Øyvind Hagen

Hendinga i Nordsjøen skjedde på den minste av plattformene på Oseberg-feltet i natt, skriv TV 2.

Det var ein supplybåt som kolliderte med plattforma under ein operasjon i natt. Hendinga førte til at alle dei tilsette måtte gå i livbåtane, ifylgje Statoil.

Der vart dei sitjande i to timar medan dei venta på at situasjonen vart avklart.

– I samband med ein operasjon kom taket opp i undersida av plattformdekket, seier pressevakt i Statoil, Lars Kindingstad.

Det skal vere snakk om mindre materielle skader på plattforma.

Pressevakt Lars Kindingstad sier selskapet skal granske hendelsen der en supplybåt kolliderte med Oseberg Øst-plattformen.

Sat to timar i livbåtane og venta

Når ei ulukke skjer på plattforma går det ut ein alarm som seier at alle som ikkje har ein beredskapsfunksjon skal gå i livbåtane.

– Dette er rutine. Livbåtane er den sikraste staden på plattforma, så då blir dei verande der fram til situasjonen er avklart.

– I slike situasjonar tenker me på det verste som kan skje. Me vil vere føre var, og går heller fleire gangar i livbåtane enn me må, enn ein gong for lite, seier Kindingstad.

Vert granska

Plattforma har rutinemessig kontakt med Hovudredningssentralen, men det var aldri snakk om nokon redningsaksjon i natt.

Statoil vil granska hendinga i natt.

– Me vil gjera ei grundig skadeevaluering, og også for å finne ut kvifor og korleis ulukka skjedde.