Akademisk doping - AKADEMISK DOPING: Eksamensstress gjer at 1,4 prosent av studentane i Noreg oppgjer at de har brukt narkotiske stoffer i håp om å betre eksamensresultata. - Foto: Ken Willy Wilhelmsen/NRK og Jon Eeg/NTB Scanpix /

AKADEMISK DOPING: Eksamensstress gjer at 1,4 prosent av studentane i Noreg oppgjer at de har brukt narkotiske stoffer i håp om å betre eksamensresultata.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen/NRK og Jon Eeg/NTB Scanpix

Studentar dopar seg før eksamen

Studentar dopar seg til betre eksamensresultat med amfetamin og kokain.

Eksamenstida nærmar seg og mange studentar føler at presset blir for stort til å takla.

Spesielt på prestisjestudium som medisin, jus og økonomi fins det grupper som vel å bruka narkotika for å takla eksamen.

Mykkje å gjere før eksamen

Å ty til amfetamin, kokain og andre narkotiske stoff er meir og meir vanleg ved universiteta, ifølgje undersøkingar og studentar.

– Eg ser at nokon føler at det kan vere ei løysning, seier student Aina Thomassen ved Universitet i Bergen kor det går rykte om akademisk doping i enkelte miljø.

Ho står midt oppi eksamenslesinga, men har ikkje blitt freista til å bruka såkalla akademisk doping sjølv om slutten av semesteret kan vere travelt.

– Det er nok mange som er i min situasjon – at ein utsett ting heile tida og då blir det veldig mykje å gjere til slutt. For å ha nok tima i døgnet til å gjennomføra det ein skal så kan det vera ein måte å få gjort dette på.

1,4 prosent av studentane i Norge

I USA, England og Tyskland er det svært vanleg. Rykta går om at dei internasjonale trendane, har fått fotfeste i enkelte miljø også i Norge og studentar NRK har snakka med er ikkje ukjende med løysinga.

At slik akademisk doping skjer ved fleire universitet og høgskular, syner også undersøkinga SHOT frå 2010.

1,4 prosent av studentane oppga då at dei hadde brukt legemidlar for å auke sin akademiske prestasjon. Flest studentar ved Universitet i Oslo og ved høgskulane i Gjøvik og Lillehammer.

Ein liten del av studentane også i Bergen brukar prestasjonsfremmande medikament, men både rektor og studenthelsetenesta er ved universitet er obs på problemet.

25 prosent på enkelte college

«Smart drugs» eller såkalla «nootropics» som ritalin, amfetamin og narkolepsimedikamentet modafinil blir nytta av studentar i samband med ksamenslesing i Europa og USA.

Ved enkelte college i USA skal den ikkje-medisinske skal så mange som 25 prosent av studentane bruke stoffa.

– Når vi snakkar om doping i idrett så er dei aller fleste einige om at det er en uting. Det er snakk om å konkurrera med ulike føresetnader. Slik sett kan ein dra ein parallell her, seier spesialpsykolog Øystein Sandven ved Studenthelsetenesta ved UIB.

– Det er ikkje rettferdig at ein skal skaffa seg det ein kan kalla konkurransefortrinn som ein gjer ved å bruka spesielle medikament, meiner han og ber studentane læra seg studieteknikkar og om å planlegga tida.

Radio og TV

Irene Aase (64) har hendene fulle av bunadsbestillinger. Men bunadene hun lager er ikke for folk flest.
Created by InfoDispatcher
Tør ikkje gå åleine på jobb
Virvelvind i Åsane

Opphavsrett NRK © 2014

Ansvarlig redaktør: Thor Gjermund Eriksen

Nettsjef: Frank Gander (konst.)