Hopp til innhold

Dømd for grov vald mot eldre mann

To menn er dømde til fire år og seks månader i fengsel for grov vald mot ein 69 år gamal mann i Kvinnherad.

Det var lokalavisa Kvinnheringen som først omtalte dommen.

Begge stod tiltalte for lekamsskading under særs skjerpande omstende i Sunnhordland tingrett.

Dei er dømde for å ha pressa ein plastpose over hovudet på mannen på Husnes i mars i fjor. Deretter slo og sparka dei mannen til han blei bevisstlaus. Til slutt skubba dei han ned ein skråning.

Alvorlege hovudskadar

Det blei påvist alvorlege hovudskadar med bløding i og utanpå hjernen, broten nase, brot i skjelettet til augnehola og ribbeinsbrot. Offeret er i dag 60 prosent ufør.

Legen som kom til staden sa i retten at det berre var snakk om minuttar før han ville vore død av skadane.

Saka blei oppklart då dei melde seg til politiet nesten eitt år seinare.

Aktor Benedicte Hordnes kravde fem år og tre månaders fengsel for begge dei tiltalte.

Ankar ikkje

Advokat Sverre Olav Handeland seier til NRK.no at dommen mot klienten hans ikkje blir anka.

– Klienten min har vedgått forholdet og vil ta straffa si. Vi meinte at påstanden frå aktor var for streng, og meiner dommen er i tråd med rettspraksis, seier Handeland.

Advokaten til den andre tiltalte seier til NRK at han ikkje vil kommentera dommen enno.

Dei domfelte må i tillegg til fengselsstraffa betala 420.000 kroner i erstatning til fornærma.