Hopp til innhold

Straumstans stoggar Bergensbanen

Bergensbanen er opna igjen, etter ein straumstans mellom Voss og Urdland.

Problemer på Voss stasjon

KAOTISK: Slik ser det ut på Voss stasjon i 12.30-tida. Eit tog er innstilt og mange reisande ventar på at togproblema skal bli ordna opp.

Foto: Leserbilde

Årsaka skal vera problem med straumtilførsla, opplyser NSB.

Straumproblema vart oppdaga i føremiddag, og NSB sendte ut melding like før klokka 11.30.

Tog stod fast

– Det står eit straumlaust tog ved Ygre. Vi har mannskap på veg til staden og veit så langt ikkje noko meir, seier pressevakt Trude Isaksen i Jernbaneverket til NRK.no.

Det er uvisst kor lang tid det vil ta å ordne straumproblema.

Jernbaneverket har måtte trekkje eit tog som stod fast inn til Voss stasjon for reparasjonar.

Kaos på Voss stasjon

Førebels er eitt lokaltog frå Voss mot Reimegrend råka av problema. Dette toget er innstilt, får NRK.no opplyst. NSB jobbar med å finne andre alternativ for dei reisande.

Eit tog frå Bergen til Oslo med avgang 11.58 går frå Bergen stasjon som planlagt og køyrer til Voss. Her vil det avvente og sjå om problemet er løyst før NSB tar ei avgjerd om kva ein gjer vidare.

Frå Voss stasjon opplyser folk at det er mykje folk og kaotiske tilstandar på stasjonen.

Tilbake i rute til klokka 13.00

Til NRK.no fortel Inge Hjertaas i Jernbaneverket at straumproblemet var relativt enkelt å ordna.

– Vi reknar med at vi er tilbake i trafikk klokka 13.00. Ingen regiontog er blitt ramma av straumstansen, men nokre lokaltog er forseinka.

Like før klokka 13.30 stadfestar Jernbaneverket at trafikken går som normalt igjen.