Hopp til innhold

Stort svinn og rømming av leppefisk

Ingen veit kor mykje leppefisk som døyr, rømmer eller blir eten opp i oppdrettsanlegga. Myndigheitene vedgår at dei har gjort for lite.

Leppefisk mot lakselus

Leppefisk blir brukt til å avlusa laks og aure. Men tal på kor mange av leppefiskane som rømmer frå merdene er det ingen som har.

Foto: Bent Lindsetmo / NRK

– Det er eit området som me ikkje har gode tal på. Men me veit frå oppdrettarane at det er eit betydeleg svinn av leppefisk i merdane. Ein del av denne fisken kan bli sjuk og døy. Ein del stikk av. Dette er små fisk, så den kjem seg ut av noten lett, seier Stein Mortensen.

Han er seniorforskar ved Havforskingsinstituttet

Ulike Leppefiskartar blir brukt til å beita lakselus på skinnet til laks og aure.

I 2014 vart det fanga til saman 800 tonn, elles 21 millionar leppefisk, til ein salsverdi på 180 millionar kroner i Noreg.

– Ikkje god nok fiskevelferd

I praksis brukast det aller meste av leppefisken berre i ein sesong i merdane.

Havforskarane meiner det store svinnet tyder på at velferda til leppefisk ikkje er god nok i oppdrettsnæringa

Stein Mortensen

Seniorforskar Stein Mortensen ved Havforskingsinstituttet.

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK

– Det ein ser er at når det vert slakta laks, og merdane tømmers så er det ofte lite leppefisk igjen oppi der, seier Mortensen.

Den enkelte oppdrettaren har plikt til å unngå rømming frå merdane og vareta fiskevelferda.

Konserndirektør Stig Nilsen i Lerøy Seafood skriv til NRK at dei ikkje har registrert rømming av leppefisk frå sine anlegg. Han har ikkje talfesta svinnet, men skriv:

«Størrelsen på avgangen varierer. Det er framleis mykje å læra når det gjeld kva som er naturleg avgang og levetid for leppefisk.»

– Me veit for lite

Ulike statlege etatar har tilsynsansvar for oppdrettsanlegga. Når det gjeld leppefisk som rømmer, vedgår direktør Jens Christian Holm i Fiskeridirektoratet at både dei veit og har gjort for lite.

– Me har som ansvarleg myndigheit ikkje handheva rømingsbestemmelsane for leppefisk.

Dei vedgår bør finna ut meir om rømmingane.

– Utover dei risikovurderingane som Havforskingsinstituttet gjev oss, så har me ingen kunnskap om kor mykje leppefisk som rømmer.

– Me ser at me må gå inn i desse problemstillingane. At slik rømming skjer, er det dessverre liten tvil om.

Jens Christian Holm

Direktør i Fiskeridirektoratet, Jens Christian Holm.

Foto: LEIF RUNE LØLAND / NRK