Hopp til innhold

Stor interesse for øl frå mikrobryggeri

Interessa for øl frå små bryggeri har eksplodert dei siste åra. Eit nyetablert mikrobryggeri i Bergen opplever enorm respons – og det før dei har fått eige lokale.

Interessa for øl frå små bryggeri har eksplodert dei siste åra. Eit nyetablert mikrobryggeri i Bergen opplever enorm respons – og det før dei har fått eige lokale.

SJÅ TV-SAK: – Interessa er overveldande, seier Jens Eikeset som driv mikrobryggeri i Bergen. Reporter: Turid Rogne|Foto/redigering: Christine Kongsvik.

– Det er ikkje mykje att. Det er strengt tatt ein god ting, seier Jens Eikeset.

Han er dagleg leiar i mikrobryggeriet 7 fjell bryggeri AS. Den første sorten deira er laga på utstyret til eit anna bryggeri. Men allereie før dei har eigne produksjonslokale står folk i kø for å kjøpa seg inn i selskapet.

Førre veke gjennomførte bryggeriet ei aksjeutviding. Den fekk dei enorm respons på.

– Vi skulle ut å hente rundt 5 millionar kroner, og fekk teikningar på i overkant av 9 millionar kroner. Interessa er overveldande seier Eikeset.

Saka held fram under biletet

7 fjell bryggeri AS

SKÅL: Gahr Smith-Gahrsen og Jens Eikeset i 7 fjell bryggeri AS føyer seg inn i ein del av ølbransjen som er i stor vekst.

Foto: Turid Rogne / NRK

Stor vekst

Gründerane i Bergen føyer seg inn i ein del av ølbransjen som opererer i liten skala, men er stor i vekst.

Siste tre åra har produksjonen til dei såkalla mikrobryggeria vakse med om lag 50 % per år. No finst det minst 45 av dei, og bryggeria står for 2,2 % av det totale volumet på ølmarknaden.

– Det er veldig mykje. Det er små bryggeri, men veksten er heilt fantastisk og dette er ei bølge som har gått først frå USA og så til Europa. Det kom seint til Noreg men når det først kom så har det skjedd veldig fort, seier direktør Petter Nome i Bryggeri- og drikkevareforeningen.

Trur konkurransen blir tøff

Nome set øltrenden i samanheng med den store interessa for matkultur generelt. Men han trur konkurransen er i ferd med å bli tøffare.

– Eg trur ikkje det er liv laga for absolutt alle. Men det er forskjellige typar. Det er små pub-bryggeri og lokale gardsbryggeri. Det finst både smått og stort men dei som har ambisjonar om å vekse trur eg vil få det tøffare og tøffare.

I Bergen trur dei marknaden vil halde fram med å vekse.

I det siste har det vore ein stor vekst. Toppen er ikkje nådd enno, definitivt ikkje, seier bryggemeister Gahr Smith-Gahrsen i 7 fjell bryggeri AS.