Hopp til innhold

Brannmannskapa har ikkje kontroll på grasbrann

Brannvesenet kjempar mot flammane i ein grasbrann på Sotra. Sivilforsvaret og helikopter er tilkalla.

Stor grasbrann på Sotra

Brannen generarar mykje røyk, men flammane beveger seg vekk frå bebyggelse.

Foto: John S. Ågotnes / 03030-tipser

– Det er ein stor brann, men den trugar ikkje bebyggelse. Vi får ein del meldingar frå folk, så brannen og røyken er godt synleg, seier vaktkommandør Stig Tetler ved 110-sentralen i Hordaland.

Det byrja som ein brann på rundt to mål på Ågotnes, og brannvesenet var framme klokka 12.12. Meldinga gjekk utpå at det brann i nærleiken av Ørjeveien.

Gressbrann på Ågotnes

SKUELYSTNE: Brannen er synlig på lang avstand. Her følger noen skuelystne interessert med.

Foto: John S. Ågotnes

Men deretter utarta det seg. Vinden er utfordrande for brannmannskapa, og brannen har spreidd seg sør-vest i terrenget frå Ørjevegen og vanntårnet på Ågotnes.

Det vart bestemt å hente inn ressursar frå brannmannskap frå Øygarden.

– Det er for å få kontroll, noko vi ikkje har enno. Ein treng hjelp til ettersløkking og slikt, forklarer Tetler.

Stor brann i terrenget på Sotra.

FOTO: Solgunn Lambrechts

Kallar inn helikopter

Det var ein planlagd nedbrenning som kom ut av kontroll. Brannsjef Bjørn Olav Paulsen er på staden. Han fortel til NRK at det brenn på eit større område og at dei ikkje klarar å halde tempoet til flammane.

– Vi har kontroll på kantane, men det brannen spreier seg innover i terrenget, forklarar Paulsen på telefon.

Laster Twitter-innhold

Han har no rekvirert helikopter for å få kontroll på flammane. Paulsen presiserer at det ikkje er fare for spreiing til bebyggelse, men at brannsløkkinga likevel er veldig krevjande. Sivilforsvaret er også kalla for å bistå.

– Det er ulendt og utilgjengeleg terreng. Brannen sprer seg frå vanntårnet på Ågotnes og innover i terrenget.

grasbrann ågotnes

Saka vert oppdatert!