Hopp til innhold

Vil betale tilbake pengar for å unngå søksmål

Tidlegare Betanien-prest Are Blomhoff, som er dømt for å ha underslått nær 16 millionar kroner, vil betale tilbake delar av pengane mot å sleppe søksmål.

Are Blomhoff

DØMD FOR UNDERSLAG: Tidlegare forstandar og administrerande direktør i Stiftinga Betanien, Are Blomhoff, vart i fjor dømd til tre års fengsel for bedrageri, underslag og sexkjøp. Betanien-styret har også stemna eksdirektøren.

Foto: Johannes Morken / Vårt Land

Ifølgje VG skal presten og den tidlegare arbeidsgjevaren hans, stiftinga Betanien, møtast for å underskrive eit rettsforlik 26. februar.

– Det ser ut som saka skal gå mot ei avslutning, og eg trur vi er veldig nære no. Dette er ei sak som har vore veldig krevjande, og som har pågått lenge, seier styreleiar Filip Rygg i Betanien til avisa.

Det er førebels ikkje klart kor mykje pengar stiftinga får tilbake.

Filip Rygg

Styreleiar Filip Rygg i Betanien trur dei nærmar seg ei løysing på underslagssaka mot eksdirektøren.

Foto: Britt Kristin Ese / NRK

Brukte millionar på prostituerte og alkohol

Are Blomhoff (62) vart i januar i fjor dømd til tre års fengsel etter at han innrømma underslag på 16 millionar kroner frå Betanien-sjukeheimen han styrte i Alfaz del Pi i Spania.

Pengane skal i stor grad ha gått til prostituerte og alkohol.

– Det er den tøffaste dagen eg har hatt i mitt liv – å tilstå noko som er så langt frå meg sjølv og samstundes ein del av meg, sa Blomhoff, ifølge Bergens Tidende, då han forklara seg i Drammen tingrett i januar i fjor.

– Det byrja i det små, og utvikla seg på ein katastrofal måte, forklara han vidare om sexfestane på stiftinga si rekning, som gjekk føre seg i årevis.

Sykehjemmet Fundacion Betanien holder til i Alfaz del Pi i Spania.

Sjukeheimen Fundacion Betanien held til i Alfaz del Pi i Spania. Blomhoff lurte vekk pengar som skulle brukast på sjukeheimen, og brukte dei i staden på festing med prostituerte.

Foto: Stiftelsen Betanien

Stevna eksdirektøren

Arbeidsgjevaren mistenkte også at store summar kunne vere gøymt unna og vurderte eit sivilt søksmål for å krevje dei tilbake. I fjor haust tok Betanien-styret ut ei stemning mot Blomhoff.

– Eg reknar med at vi skal komme fram til ei løysing som gjer at denne saka no kan avsluttast, seier advokat til presten, Per-Erik Gåskjenn, til VG.