Hopp til innhold

– Eg har aldri opplevd liknande

Frekke tjuvar har to gonger i sommar forsynt seg med solceller og lanterner frå Kystverket sine navigasjonsanlegg. Det skapar problem for båttrafikken.

Det aller meste kan bli stole - også navigasjonsanlegg til sjøs. I Tjuvasundet i Lindås er båttrafikken redusert etter at ubedne gjester har forsynt seg.

SJÅ TV-SAK: Frekke tjuvar har forsynt seg med solceller, batteri og lanterner frå Kystverket sine navigasjonsanlegg i Tjuvasundet. Det har overingeniør Jan Erik Westergaard aldri opplevd før. Videojournalist: Jørgen Eide

Lanterne

STIKK AV MED LYSET: Det er frå desse anlegga at tjuvane har forsynt seg. Dei har tatt med seg lanterna på toppen, og tatt ut batteri og solceller frå boksen under. Denne har fått stå i fred.

Foto: Jørgen Eide / NRK

Passande nok, eller skal ein seie upassande nok, er tjuveria gjort frå fire navigasjonsanlegg i Tjuvasundet i Lindås kommune i Hordaland. Og det er ikkje ein lett operasjon å forsyna seg med solceller, lanterner og batteri frå dei fire anlegga i sundet.

– Her må dei først tjora seg godt fast før dei då klatrar opp på stativet, peikar og forklarar overingeniør Jan Erik Westergaard i Kystverket.

Det er Kystverket som jobbar og har ansvar for slike lanterner langs heile kysten i Norge. Westergaard har tatt med seg NRK for syna fram noko Kystverket aldri har sett før – at nokon stel delar av utstyret frå navigasjonsanlegga.

– Som å køyra utan brøytestikker

– Eg har jobba 27 år i Kystverket og eg har aldri opplevd dette før no. I tillegg har det skjedd to gonger på under ein månad, seier Westergaard og ristar på hovudet.

Dei frekke tjuvane har forsynt seg med seks solceller, to lanterner og ti batteri. Dagleg køyrer båtar i alle storleikar gjennom Tjuvasundet. Tjuveria fører derimot til at sundet no kan vera problematisk å ferdast i for større fartøy.

– Eg kan samanlikne dette med å køyre over ein fjellovergang om natta på vinteren, i storm. Så er det plutseleg nokon som tek vekk brøytestikkene, seier Westergaard.

Saka held fram under biletet

Tjuvasundet

TRØBBEL FOR BÅTTRAFIKKEN: Tjuveria frå navigasjonsanlegga gjer det vanskelegare for større farty å navigera gjennom Tjuvasundet.

Foto: Jørgen eide / NRK

Vil gjerne ha tips

– Når vi ikkje har dette utstyret på plass, slik som vil skal ha, så kan det bli avgrensingar i dei seglingane som me vanlegvis gjennomfører her, seier losoldermann Kjell Asle Djupvåg i Kystverket.

Dei har sin eigen teori på kva tjuvane skal bruka det litt uvanlege utbyttet til.

– Eg tippar dei vil ha dette på hytta eller noko. Men desse lanternene blinkar 120 gongar i minuttet. Kva skal dei med ei slik lanterne som blinkar så mykje?, spør Westergaard som gjerne tek i mot tips.

– Om du ser nokon som har ei lanterne i hagen som blinkar 120 gonger i minuttet, ring oss.

tjuvasundet