Hopp til innhold

Statoil vil forbetre tryggleiken i In Amenas

Etter terroråtaket i In Amenas meiner Statoil dei ikkje kunne gjort noko for å hindre det som skjedde. Men i framtida vil dei vere meir på vakt for liknande hendingar.

In Amenas

TERROR: Gassanlegget til Statoil og fleire andre utanlandske selskap på In Amenas vart i januar utsett for terroråtak. No ønskjer Statoil å ha eit sterkare fokus på tryggleik.

Foto: SCANPIX / Reuters

Det har gått eit år sidan 40 mista livet i terroråtaket i In Amenas, på gassanlegget Statoil driv saman med fleire utanlandske selskap.

I året som har gått har Statoil granska saka for å finne ut kva dei eventuelt kunne gjort annleis.

– Mykje å lære

Jannicke Hilland

FØREBUDD: Statoil er førebudd på fleire terroråtak kan komme, seier ansvarleg for beredskapen, Jannice Hilland.

Foto: Vidar Hardeland

– Etter hendinga har vi sett i gong ei gransking for å sjå kva vi kan lære av det som skjedde. Når slike ting skjer har vi ein stor beredskaps som trer i kraft, men vår erfaring er at vi har mykje å lære, seier Jannice Hilland, som var ein av dei ansvarlege for beredskapen.

Hilland fortel at dei er trent på denne typen hendingane, også så alvorlege,

– Vi har i tillegg eksterne ressursar. Mellom anna senter for krisepsykologi med Atle Dyregrov og hans kriseteam som er spesialistar på dette.

12 norske menn var til stades i In Amenas då terroristane gjekk til åtak. Fem av dei kom ikkje heim i live.

– Granskingsrapporten syner oss at det ikkje var noko vi kunne gjort for å unngå dette åtaket. Det er det terroristane som har ansvaret for, seier Hilland.

Skal jobbe med tryggleik

Likevel meiner ho det er mykje Statoil må arbeide med innan tryggleik.

– Vi må byggje opp kompetanse og ressursar innan fagfeltet vi kallar sikring. Vi ser eit behov for å bli meir på vakt for den type risiko. Dette er ein type risiko som stadig er under endring. Vi ser til dømes at arbeidet vårt innanfor sokkelen gjennom mange år, kan vi ta med oss inn i dette arbeidet.

– Fryktar de at dette kan skje igjen?

– Vi må vere førebudd på at dette kan skje igjen, og då må vi vere i stand til å kunne handtere det best mogleg, seier Hilland.