Hopp til innhold

Statoil-tilsette overraska over sluttpakkar

Få dagar før jul tilbyr Statoil sluttpakkar til alle sin tilsette – for første gong i historia. Tillitsvalde kritiserer timinga, medan fagforeininga Safe trur få kjem til å ta sluttpakke.

Jobbsituasjon på Statfjord C

OVERRASKA: Tillitsvalde i Statoil hadde ikkje forventa at absolutt alle tilsette i selskapet ville få sluttpakke-tilbod. Her er tre tilsette på arbeid ved Statfjord C.

Foto: Harald Pettersen / Statoil

– Tusenvis av tilsette vil gå inn i juletida med familie og vener, og alle vil få det same spørsmålet. Kor lenge har du jobb då? Det er ei ytterlegare belastning, seier tillitsvald Torbjørn Rødal Wenzel i Statoil Bergen.

I dag kom nyheita om at Statoil for første gang i historia gir alle sine 21.000 tilsette moglegheita for å ta sluttpakke.

Målet til selskapet er å redusera arbeidsstokken med mellom 1100 og 1500 personar i løpet av neste år.

Overraska

At Statoil tilbyr alle sluttpakke, var ikkje noko som var forventa hjå dei tilsette.

– Først og fremst er det veldig overraskande. Vi hadde ikkje venta at det skulle komme på denne måten her, seier Rødal Wenzel.

Han skildrar ei blanda mottaking hjå dei tilsette.

– Mange spekulerer i kva dette vil ha å seie. Nokre er utrygge og usikre. Igjen vil eg sei at timinga, no like før jul, er kjempeuheldig. Dette er noko vi får spørsmål om heile tida, og det er slitsam og stressande.

Torbjørn Rødal Wenzel, tillitsvalgt i Statoil Bergen

Tillitsvald Torbjørn Rødal Wenzel i Statoil Bergen kritiserer timinga med nyheita om at alle får tilbod om sluttpakke i selskapet.

Foto: Kjell Jøran Hansen / NRK

– Fare for at kompetanse forsvinn

Leiar Hilde-Marit Rysst i fagforeininga Safe representerer oljearbeidarar både på land og til havs. Også ho er overraska.

– Statoil held tydelegvis oppe sitt mål om 1500–1600 færre tilsette. Det talet er ikkje nødvendigvis dei tillitsvalde eller dei tilsette einige i.

Rysst er no oppteken av at viktig kompetanse og erfaring ikkje forsvinn frå Statoil.

– Det er sjølvsagt ein fare for å mista dei som er ein viktig del av kjernebemanninga. Dei som sit på alle dei gode erfaringane og som gjer at ein dagleg reddar drifta og leverer godt.

Hilde-Marit Rysst er leder for fagforeningen Safe

Hilde-Marit Rysst er leiar for fagforeningen Safe. Ho håpar det ikkje blir press på å ta sluttpakkar i Statoil no.

Foto: Safe i Teekay

Trur ikkje mange vil ta sluttpakke

Søknadsperioden for sluttpakke varer frå 5. januar til 25. januar. Tilsette med meir enn 21 år i Statoil kan få med seg ei lønn på to år. Minst seks års ansiennitet i Statoil utløyser eitt års lønn i sluttpakke.

Situasjonen i dagens arbeidsmarknad på Vestlandet gjer at både Statoil sin tillitsvald og Safe-leiaren tvilar på at mange vil seie ja til ein sluttpakke.

– Særleg i Rogaland og delvis også i Hordaland er marknaden særs dårleg samanlikna med for nokre år sidan. Då ville kanskje ein slik sluttpakke sett meir attraktiv ut. No er eg usikker på om mange kjem til å ta pakken, seier Rødal Wenzel.

– Når bransjen er i denne situasjonen, er det ikkje akkurat no det er lettast å hoppa av eit veletablert firma som Statoil, seier Rysst.