Hopp til innhold

Står samla bak krav om ny E16

Eit samrøystes fylkesting vedtok i dag å krevja strakstiltak på E16 og Bergensbanen. – Det er viktig å vera samstemte når me skal be om midlar til prosjekt i vår region, seier Terje Søviknes (Frp).

For andre gang på to uker er E16 stengt på grunn av jordras.

KREV TILTAK: Fylkestinget ønsker fortgang i planane for E16. Her ser ein det andre raset som gjekk ved Bogetunnelen på E16 i mai.

Foto: Rikke Emlie Rusten/Helene Wiese-Hansen / NRK

I fylkesrådmannen sitt opphavlege forslag til uttale til Nasjonal transportplan sist veke var ikkje E16 og Bergensbanen teke med.

No stiller altså eit samla fylkesting seg bak ein høgrøysta appell til regjeringa om å avklara trasevalet for bane og veg mellom Bergen og Voss. Ein ber også om å setta inn strakstiltak på den rasutsette strekninga.

– Det er flott at fylkestinget kan stå tverrpolitisk samla. Me forventar ei snarleg avklaring på konseptvalutgreiinga slik at me kjem i gong med det vidare planarbeidet for ein endeleg ny E16 og aller helst i kombinasjon med ny jernbanelinje slik som fylkespolitikarane i Hordaland har hatt ønske om, seier gruppeleiar for Frp i Hordaland fylkesting, Terje Søviknes.

Terje Søviknes

FORNØGD: Terje Søviknes (Frp) er glad for at ein går samla inn for å få ei avkling om E16.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Håper at regjeringa lyttar

Kva forventningar har de til å få krava gjennom?

– Me ser jo at samferdsleministeren er på ballen. Ketil Solvik-Olsen har vore tydeleg på at han må forsøka å få på plass ein del kortsiktige tiltak. Men det er jo umogleg å rassikra heile E16 slik den ligg i dag. Det er berre ein ny trase, og då primært gjennom tunnel, som vil skapa naudsynt tryggleik for bilistane og dei reisande med jernbana, seier Søviknes.

Fylkestinget i Hordaland mener det er en grunnleggende rettighet å kunne ferdes på trygge veier og jernbaner. I dag kan ingen det på E16 og Bergensbanen mellom Bergen og Voss.

Frå fråsegna til regjeringa

I forslaget går det fram at overvakingsrutinar og overvakingsteknologi som kan varsla før ras, må komma på plass.

Vil ikkje måtta velja

Søviknes meiner det er bra at fylkestinget ikkje har valt å setta E16 og E39 opp mot kvarandre.

– E39 og E16 er to store samferdsleprosjekt I Hordaland, og begge er veldig viktige på kvar sin måte, seier Søviknes.

Seinast i samanheng med neste Nasjonal transportplan krev fylkestinget å få på plass midlar til bygging av ny E16/Bergensbanen Arna-Voss, om nødvendig at det blir bygga etappevis der strekninga Arna-Vaksdal er første steg med oppstart 2018.