Hopp til innhold

Sprengt kapasitet på kollektivruter i Bergen

Bussane i Bergen er fulle i rushet. Reisande er kritiske til at talet på avgangar ikkje blir auka.

Buss, kollektivtrafikk i Bergen

FULLE BUSSAR: 17 av 54 ruter i Bergen har sprengt kapasitet.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ingeborg Mykkeltvedt

PÅ PERRONGEN: – Det er ikkje plass til fleire. I alle fall ikkje på Bybanen, seier Ingeborg Mykkeltvedt.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Ein rapport Urbannett analyse har laga for Hordaland fylkeskommune viser at 17 av 54 kollektivruter i Bergen har sprengt kapasitet i rushtrafikken.

Sjølv om staten bidreg med 35 millionar ekstra neste år vil berre fire av rutene få betre dekning.

– Det må setjast inn fleire bussar, seier kollektivreisande i byen.

– Nokre gongar gir eg opp

Sondre Langenes og Ingeborg Mykkeltvedt er to av som merkar kor trongt det er på kollektivtrafikken i Bergen i rushen. Det er rett og slett ikkje plass til fleire reisande om bord.

– Eg har stått igjen på perrongen fleire gongar, der folk framfor meg berre har pressa på for å kome seg inn. Til slutt har eg berre gitt opp og funne andre løysingar, eller tatt buss, seier Langenes.

– Det er ikkje plass til fleire. I alle fall ikkje på Bybanen, seier Mykkeltvedt.

Sondre Langenes

FULLT: I dag fekk Sondre Langenes plass på Bybanen, men har fleire gongar gitt opp å kome seg om bord.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det er for dårleg

Til saman utgjer dei 17 rutene heile 30 prosent av kollektivrutene Bergen.

– Det stadfestar jo vår uro for at kollektivtrafikken i Bergen ikkje er god nok. Det er kapasitetsutfordring på så mange ruter at om ein skal ha fleire over på buss er det ikkje mogeleg slik situasjonen er i dag, seier Marthe Hammer frå SV.

Marte Hammer frå Sosialistisk Venstreparti (SV).

FOR DÅRLEG: Marthe Hammer i SV meiner tilbodet er for dårleg når ein vil fleire skal reise kollektivt.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Også avtroppande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen meiner situasjonen rimar dårleg med at fylkeskommunen har ein ambisjon om at fleire skal bytta ut bil med buss og bane.

– Det er sjølvsagt ei stor utfordring for Hordaland fylkeskommune. Vi ønskjer at fleire skal ta bussen, og når der er fullt på bussen vel ein heller privatbil, seier Nilsen.

300 ekstra avgangar frå nyttår

Oddmund Sylta

Rutene er fulle uansett om ein har rushtidsavgift eller ikkje, fortel Oddmund Sylta i Skyss.

Foto: Christine Kongsvik / NRK

Rapporten er laga for å sjå kor ein treng meir kapasitet nå det etter planen vert innført køprising i Bergen til neste år. Oddmund Sylta frå Skyss stadfestar at det på dei 17 rutene er fullt før takstane for bilistane har auka i rushtrafikken.

– Det ville vore eit behov uansett om det var rushtidsavgift eller ikkje. Desse avgangane er fulle både i rushtida om morgonen og ettermiddagen, seier Sylta.

Takka vera 35 millionar ekstra frå staten vert det planlagt 300 ekstra avgangar frå nyttår. Det vil betra tilbodet på fire av dei 17 fulle rutene. Utfordringa er at finansieringa på ekstraavgangane berre gjeld for 2016.

– Vi ønskjer jo å lage eit permanent godt tilbod. Slik at det vil bli nokre utfordringar med å vidareføre tilbodet vi set i verk etter 2016, seier Sylta.

Berre 4 av 17 ruter blir utbetra

Tom Christer Nilsen

FRYKTAR DÅRLEGARE TILBOD: Avtroppande fylkesordførar fryktar kollektivtilbodet i Bergen skal blir dårlegare i åra framover.

Foto: Sølve Rydland

Marte Hammer og SV har saman med det nye fleirtalet lova eit betre tilbod – og er tydeleg på at ekstrasatsinga ikkje er nok til å gje eit tilstrekkeleg tilbod.

– Det er jo berre fire av dei 17 avgangane som ser ut til å få eit forsterka tilbod. Det betyr at vi sit att med 13 attraktive og sentrale kollektivliner i Bergen som ikkje får noko kapasitetsauke etter jul, seier Hammer.

Tom Christer Nilsen frå Høgre har lite tru på at det nye fleirtalet greier å betra tilbodet – og viser mellom anna til at Ap, Sp, KrF og SV denne veka slo fast at dei vil reversera vedtaket om reklamefinansiering for kollektivtrafikken.

– Så langt har dei ikkje gitt noko anna løysing enn å bruke belønningsmidlane vi allereie veit at vi får. For meg ser du til at nivået på kollektivtrafikken blir dårlegare dei neste åra, seier avtroppande fylkesordførar Tom-Christer Nilsen.