Hopp til innhold

I dag får Oslo høyra «Nystemten» frå rådhuset

Når Erna Solberg frå Bergen i dag tek over roret som landets statsminister, vert det markert med ein ekte bergenssong.

Rådhuset i Oslo

Det er ikkje daglegdags at rådhuset i Oslo spelar sjølvaste «Nystemten». Det skjer når Noreg får ny statsminister frå Bergen.

Foto: Elida Høeg / NRK

Solberg presenterer regjeringen

Oslo Rådhus spelar «Nystemten» til ære for Erna Solberg og den nye regjeringa.

Foto: Grøtt, Vegard / NTB scanpix

For ifølgje byrådsleiaren i hovudstaden, Stian Berger Røsland (H), skal sjølvaste «Udsigter frå Ulriken», også kjent som «Nystemten», ljome ut frå klokkene på Oslo Rådhus.

Laster Twitter-innhold

Songen er rekna for å vera «nasjonalsongen» i Bergen. Teksten er skriven i ca. 1790 av den trønderske presten, politikaren og diktaren Johan Nordahl Brun då han var sokneprest ved Korskirken i Bergen.

«Nystemten» vil høyrast heile vegen til Slottet og utover heile Oslo sentrum.

Erna Solberg blir den første statsministeren frå Bergen på 78 år. Førre gang Noregs nest største by hadde regjeringssjefen var då Johan Ludwig Mowinckel var statsminister frå 1933 til 1935.