Hopp til innhold

Spår vindkraftaksjonar over heile Noreg

Store område av Noreg blir no vurdert for vindkraftutbygging. Naturvernarar forventar kraftige protestar over heile landet.

Synnøve Kvamme, 2018

BRÅK: Synnøve Kvamme, leiar i Naturvernforbundet Hordaland, trur nye planar om store vindparkar på land vil skapa mange protestar.

Foto: Christian Lura / NRK

– Rett nok oppfordrar ikkje Naturvernforbundet til at folk skal vera sivilt ulydige, seier Synnøve Kvamme.

Den konstituerte leiaren i Naturvernforbundet Hordaland har sjølv ei fortid som aktivist for å få stoppa kraftmaster i Hardanger. Ein kamp dei tapte.

– Men det som skjer no med vindkraft i Noreg, trur eg legg opp til mange konfliktar i heile landet, seier Kvamme.

Teiknar vindkart over Noreg

Fredag 14. september. Rundt eit møtebord i lokala til Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) på Majorstuen sat representantar for fleire store natur- og miljøorganisasjonar.

Dei skal gje innspel til NVE, som det neste halve året skal fullføra ein rapport som vil forandra Noreg. Rapporten skal peika ut dei beste områda for å byggja ut vindkraft på land.

– Potensialet for ny vasskraft er avgrensa. Men Noreg har gode vindressursar. Poenget er å finna områda som er best for samfunnet, seier prosjektleiar Erlend Bjerkestrand i NVE.

Naturvernarar er skeptiske.

– Altfor store område er tatt med i arbeidet. Friluftslivsområde og viktige naturområde må ut av kartet, og dei må ut tidleg, seier generalsekretær Maren Esmark i Naturvernforbundet.

Desse 43 områda vert no vurdert som vindkraftområde av NVE (klikk på områda for detaljar):

vindkraft

– Vi har kutta ut mykje allereie. Viktige naturområde som nasjonalparkar og verdsarvområda blir sjølvsagt ekskludert, seier Bjerkestrand.

Haukeland 2

FRAMTIDSTRU: Bonde Hans Magne Haukeland kan spora slekta på garden tilbake til 1604. Med vindturbinar på fjellet bak kan garden sikrast drift i nye generasjonar, meiner han.

Foto: Christian Lura / NRK

– Må stengja dørene

Talet på område eigna for vindkraft skal etter kvart reduserast frå 43 til omtrent 20. Område nummer 18 på NVEs kart er nordre delar av Hordaland. Der har kampen om ressursane allereie starta.

– Vi må leggja ned om denne planen vert gjennomført, seier Signhild Dyrkolbotn.

Ho driv Dyrkolbotn leirskule. Om nokre år kan skulen bli omringa av 200 meter høge vindturbinar.

– Vi lærer borna å vera i naturen og kjenna gleda av urørt natur. Det kan vi berre gløyma om planane vert godkjende.

Vindmøller Smøla

UØNSKT: Ikkje alle vil ha slike møller i fjellområda sine. Her frå vindkraftparken på Smøla.

Foto: Bjørn Sigurdsøn / NTB scanpix

Positive grunneigarar

Om NVE inkluderer dette området i sitt vindkart, får selskapet Norsk Vind Energi verkeleg medvind. Dei har kontakta grunneigarar i Masfjorden, Lindås og Modalen med tilbod om å få leiga land til vindturbinar i 30 år.

Opp mot 400 turbinar kan komma i desse fjellområda.

– Dei fleste grunneigarane har vore positive til planane våre, seier prosjektleiar Espen Borgir Christophersen i Norsk Vind Energi.

Ein av dei er bonde Hans Magne Haukeland. Han eig store område i Fjonfjella og trur vindturbinar vil vera bra, både for garden og for kommunen.

– Eg må snart byggja nytt fjøs, og det er ikkje lett å få lån. Dessutan treng Masfjorden arbeidsplassar. Forgubbing er eit stort problem, seier Haukeland.

Haugsdalen

VATN OG VIND: Til no er det vatnet dei har temma i Masfjorden. Men mange grunneigarar er positive til vindkraftplanane.

Foto: Christian Lura / NRK

Sterke protestar

Om kommunen seier ja, og om NVE gjev grønt lys, kan turbinane vera på plass om fire-fem år.

Både Den Norske Turistforening og Naturvernforbundet protesterer mot planane.

– Å byggja svære vindkraftanlegg i urørt natur, er ikkje miljøvenleg, slår Synnøve Kvamme fast.

– Det siste urørte området i Nordhordland må dei ikkje øydeleggje, seier leiar Helene Ødven i Bergen og Hordaland turlag.

Når NVE er ferdig med vindkartet i april, kan kampane for naturen starta i store delar av landet.