Hopp til innhold

Søviknes om bompengestogg: – Fantastisk

Medan fleire lokalpolitikarar protesterer, jublar Os-ordføraren for regjeringa si bompengenekt på den trafikkerte ferjestrekninga på E39.

Terje Søviknes og bompengeskilt på Halhjem

NØGD: Terje Søviknes er svært glad for at billetten på ferjestrekninga mellom Halhjem og Sandvikvåg blir kutta med 27 kroner.

Foto: Leif Rune Løland / NRK

– Eg syns det er fantastisk bra, ikkje minst for bilistane, seier ordføraren i Os, Terje Søviknes til NRK.

I dag vart det kjent at regjeringa frå 1. januar kuttar i billettprisen på ferja mellom Halhjem i Os og Sandvikvåg på Stord. Årsaka er at bilistane i mange år har betalt bompengar for ein lokal veg svært få av ferjepassasjerane nyttar, noko regjeringa meiner er uakseptabelt.

– Når ein no søkte om å utvida ordninga for å rusta opp fylkesvegen på vestsida av Stord, då forsvinn nytteprinsippet, meiner Søviknes.

Forstår avgjerda

MF "Bergensfjord"

TRAFIKKERT: Ferja mellom Halhjem og Sandvikvåg på E39 i Hordaland er landets tredje mest trafikkerte. I mange år har ferja hatt bompengar som ein del av billettprisen men no er det stopp.

Foto: Erik Ask

Han og Framstegspartiet har i lenger tid synt si misnøye med at ferja har tatt inn bompengar som er sett av til fylkesveg 545 i Fitjar på Stord. Mange har jobba for at ordninga skulle bli utvida fram til utgangen av 2016. Når saka var oppe i fylkestinget, var Frp einaste parti som sa i mot.

Søviknes forstår godt at samferdsledepartementet har sett ned foten, sidan innkrevjinga bryt med regelen om at bompengeprosjekt skal vera nyttig for dei som betaler.

– Det meinte også kommunestyret i Os når vi gav vår utsegn til saka for litt sida.

Fleire vil kjempe mot kuttet

Både ordføraren på Stord og fylkesordføraren i Hordaland har varsla omkamp om avgjerda til regjeringa. Eit av argumenta er at fylkesveg 545 er ein god omkøyringsveg for E39 og at bilistane difor vil ha nytte av den.

Søviknes meiner fylkesvegen må henta pengane frå ein anna stad.

– Her må ein innom Stortinget for å finna eit anna vedtak. Eg tenkjer at prosjektet på vestsida av Stord må finna ei anna finansieringsløysing, slik at dei får gjort opprustinga. Men ein kan ikkje belasta bilistane på E39.